Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kultursjå med «Farmen-Kristian» i Surnadal

Elinor Bolme Torsdag 9. november 2017

Sett av kvelden torsdag 16. november. Da blir det Kultursjå i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Programmet er rikt og variert melder Surnadal heimbygdlag.

Kristian K. Djupnes, kjent frå «Farmen» på TV2, er norsk meister i maskinmjølking og ein kløppar på dialektar. Kristian, som er nært knytt til Surnadal, vil gje ein munnrapp og imponerande demonstrasjon av «dialektveksling».

Einar Oterholm har gjort suksess med boka om Nordmøre Husmorskule. Under Kultursjå fortel han om boka, og viser bilete frå denne svært interessante skulehistoria.

Fotografen Nathan Lediard har imponert mange med bileta sine, og når eit stort publikum med den faste fredagsspalta si i Driva. Nathan viser eit utval portrettfotografi, og fortel om korleis han arbeider.

Folk frå store delar av verda kjem til Surnadal, og gjev oss høve til å oppleva nye «kultursjå». Torsdagskvelden har vi gleda av å kunne vise afghansk dans.

Sigurd Brørs er ein dyktig musikar, som no er i gang med arbeidet på det som skal bli den nye plata «Pappapop». Sigurd gjev oss smakebitar den 16. november.

Surnadal Heimbygdlag har sin eigen pris, Måldiplomet, som er ei påskjønning for god språkrøkt. Kven vinn Måldiplomet for 2017? Det blir avslørt under Kultursjå.

Elles kan vi skilte med allsong, boksal, utlodding og kaffepause.
Velkommen til ein triveleg kulturkveld!

Først publisert: 9. november 2017, 06:47 - Sist oppdatert: 8. november 2017, 23:52