Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3279 artiklar i dette arkivet.


Nytt år og nye filmar

Elinor Bolme Fredag 13. januar 2017

100-åringen har vorte 101, og Marcus og Martinus kjem i filmversjon. Dette er berre litt av det som skjer på Surnadal kino i januar.


Månadens bilete: Blåtimen

Ole Petter Talgø Torsdag 12. januar 2017

Årets siste månadens bilete blei «Blåtimen» av Ingrid Kvendset, av eit velkjent og populært motiv. Det blei ei jamn avstemning med god deltaking, men vinnarbiletet fekk 10-20 stemmer meir enn dei tre nest mest populære. Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Dette betyr at vi har funne alle kandidatene til […]


Kva skjer???

Elinor Bolme Tysdag 10. januar 2017

Redaksjonen oppfordrer alle medlemmane av todalen.no til å sende inn sine arrangement til vår aktivitetskalender. Alle våre medlemmer har fri tilgang til å få lagt inn sine ulike aktiviteter her, men redaksjonen må leggje det inn for den enkelte forening eller bedrift som skal ha for seg noko som våre lesarar kan ha interesse av. Send […]


Skade på brukaret på Brusetbrua…

Jon Olav Ørsal Måndag 9. januar 2017

På Brusetsia av Brusetbrua er det ein skade på brukaret, der noko av fyllinga har rasa ut, og rekkverket henger i lause lufta. Det ser ikkje ut som det er nokon umiddelbar fare for meir skade, og skadestaden er godt merka av Mesta.


Næringslivsdag med innhaldsrikt program

Elinor Bolme Sundag 8. januar 2017

For 14. år på rad er det no den 17. januar igjen klart for Surnadal Sparebank sin Næringslivsdag. Ein dag som etter kvart har vorte til ein regional møteplass for næringslivaktørar og andre interesserte i vårt omland. Allerede no er det 200 påmeldte fortel Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.


Stem på månadens bilete for desember

Ole Petter Talgø Torsdag 5. januar 2017

Vi har komme over til eit nytt år, og det betyr siste avstemning for månadens bilete i 2016. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke. Vi takkar for alle bidrag […]


«Nyttårsrabatt» på teater om du vil på nyttårskonsert

Elinor Bolme Måndag 2. januar 2017

Surnadal kulturhus startar brått, med teater på torsdag og nyttårskonsert på fredag. For å bidra litt til dei som kunne tenkt seg «både–og», gir Teatret Vårt tilbod om ein ekstra rabatt til dei som går for «vekas kulturelle dobbel»: Viser du fram billett til fredagens nyttårskonsert, vil du få kjøpt teaterbilletten til kr 200.


Kunstutstilling heilt på tampen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. desember 2016

I dag er det kunstutstilling i Skulstua (Gammelskulen). Det er første gongen at Skulstua er bruka til kunstutstilling, og det er kunstnaren Sissel Halset Storslett som stiller ut 22 av sine måleri på denne premieren. – Utstillinga er opa frå kl 12 og utover til kl 16, så det er berre å hive seg rundt og ta ein tur.


Hysterisk i kulturhuset

Elinor Bolme Laurdag 31. desember 2016

Førstkommande torsdag kjem Teatret Vårt til Surnadal med oppsetjinga «Brevduene». Frå Surnadal kulturhus har vi fått ein liten smakebit på kva som er i vente. I tillegg gir dei oss 4 billettar på forestillinga til våre lesarar som vi deler ut til den som svarar riktig på eit (muligens) enkelt spørsmål.


Salgsutstilling i Skulstuå

Elinor Bolme Fredag 30. desember 2016

Sissel Halset Storslett har nyttårsaften salgsutstilling av maleri i Skulstuå frå kl 12.00 til 16.00. Det vert og sal av kaffe og gode kaker. Alle er velkomne!


Stikk UT! avanserer

Elinor Bolme Torsdag 29. desember 2016

Prosjektet Stikk UT! har vorte så godt motteke, at Friluftsrådet Møre og Romsdal no lanserer Stikk UT Ski! i 8 kommunar. Denne nye aktiviteten med registreing av turar for dei med ski på føtene er gjeldande i perioden 1. januar til 17. april, dersom vër og føreforhold er tilstades naturleg vis. Surnadal kommune er sjølvsagt med, og har fått tildelt 3 turmål. Klåberget på Kvanne og Løålikjølen og Garthøgda på Nordmarka.


Årets nyttårskonsert

Elinor Bolme Torsdag 29. desember 2016

Surnadal kulturhus inviterer til sin tradisjonelle nyttårskonsert med TrondheimSolistene fredag 6. januar. Denne gongen har dei med seg Alexander Rybak, og sammen vil dei skape nyttårsstemning ein seint vil gløyme, skriv kulturhuset på si heimeside. Det vil også bli deltaking av elevar frå kulturskulen.