Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste nytt frå Surnadal bibliotek

Steinar Hasselø Onsdag 13. juni 2018

Denne store lesekampanjen «Sommarles» starta 1. juni, og så langt har knapt 30 prosent av dei som går i grunnskulen i Surnadal meldt seg på (frå dei som skal starte i 1. klasse til hausten, til dei som går 7. klasse). Det er bra – men vi skulle gjerne hatt enno fleire med!

«Sommarles» skal stimulere til lesing i skuleferien og kampanjen sluttar 31. august. Ved å registrere seg på sommarles.no, kan du legge inn bøker du har lese, løyse oppgåver og elles gjera mykje artig. Dei som er med vil tene seg opp poeng og nå høgare level/nivå der dei både får digitale trofè og premiar på biblioteket som skal motivere til ytterlegare lesing. Biblioteket vil i tillegg trekke ut tre vinnarar som får eit gåvekort kvar. Så gå inn på sommarles.no og meld deg – eller dine – på.

Utvida på onsdagar

Biblioteket på Skei har kort opningstid på sommaren (måndag–fredag kl. 11–15) og filialen på todalsskulen er stengt i sommarferien. For å gjera det lettare å nå hovudbiblioteket før ferietida startar for fullt, er opningstida på onsdagar utvida til kl. 17 fram t.o.m. 18. juli. Du kan også ta kontakt med biblioteket på tlf. (476 80 797), e-post (biblioteket@surnadal.kommune.no) eller på facebook om du vil «bestille» ei bok og så legg biblioteket den ned i resepsjonen for henting når det passar deg.

Utlån av blu-ray-spelarar

Hovudbiblioteket har både språkkurs, lydbøker og filmar i ulike format. Mange har problem med å nytte seg av desse tilboda da dei kanskje har kjøpt seg bærbar pc (laptop) som ikkje kan spele av cd-ar eller andre diskar. Eller dei har ein dvd-spelar heime og vil sjå ein av filmane som vi berre har på blu-ray.

No er dette problemet løyst! Biblioteket har fått støtte til å kjøpe inn blu-ray-spelarar som vi lånar ut. Og desse handterer kva det skal vera av cd-ar, dvd-ar og blu-ray-diskar. Nokre av avspelararane går på pc-ar/laptopar og andre kan koplast direkte til fjernsyn. Lett å bruke skal dei også vere!

 

Publisert: 13. juni 2018, 22:32