Matkroken Todalen er første dagligvarebutikk i Surnadal, og blant berre ei handfull butikkar som betjener sine kundar med «Kontaktløs betaling» fortel Finn Ranes ved Surnadal Sparebank. Ein kan med denne løysinga betale varer for opptil 200 kroner berre med å vise kortet. Altså UTAN å sette inn kortet i terminalen eller slå kode.
Ved høgare beløp må ein slå pinkoden, men utan å sette inn kortet. Lettvint, og snart kjem tjenesta også innebygd i mobiltelefonen, utan å benytte kort i sin heilheit fortel Finn.