Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tur til Frøya med Surnadal Pensjonistlag

Elinor Bolme Onsdag 13. juni 2018
Surnadal pensjonistlag planlegg tur til Frøya 25. – 26. juli med avgang frå Skei kl 0900 og med retur neste ettermiddag. Stenberg køyrer, og det blir overnatting på Hotell Frøya med lunsj ved ankomst, 3 – retters festmiddag og frukost, samt lunsj dag 2, skriv Kristian Ranes i ein epost til redaksjonen.
 
-Vi vil til Titran og sjå oss om på Frøya elles. Både medlemmene i pensjonistlaget og andre er velkomne til å vera med på ein triveleg tur.
 
Pris:
  • Medlemmer ca kr 1900,- pr. pers. i dobbeltrom.
  • Ikkjemedlemmer ca kr 2200,-.
  • Enkeltromstillegg kr 390,-.
Dei som meldte seg på medlemsmøtet er notert. Nye interesserte ringjer til Jorunn tlf 901 51 989 innan 20. juni.
 
Publisert: 13. juni 2018, 22:53