Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Idéane haggla og arbeidet med vekst er no i gang

Elinor Bolme Måndag 11. juni 2018

Ungdomshuset var i kveld nesten fullt av engasjerte todalingar med eit felles mål; å få Todalen til å bli ein enda meir attraktiv plass å bu på enn den allerede er. PT-utvalget ved Jostein Bruset og Jo Gjeldnes gjekk igjennom status på folketalet i bygda dei siste 20-åra, og kunne fort konstatere at det definitivt har gått nedover dei siste åra, men at vi absolutt burde kunne fokusere på vekst og tilflytting i ein snuingsprosess.

Har trua

Men dette er eit lass alle i bygda må dra i lag, og alle bør kanskje for alvor innsjå dette før det blir for seint. Todalen har sidan 1999 redusert befolkningstalet med 96, Nordvik derimot har i same periode auka med 16. Og med ca 40 nye arbeidsplassar i bygda det siste halvåret skulle ein tru at dette kan vera eit vendepunkt for bygda.

Områda rundt Nordvik og, Skei og deler av Øvre Surnadal med positiv vekst dei siste 5 åra.

Behov for ansatte

Terje Talgø var invitert til å fortejle om Talgø og planane dei har framover. Han viste ein innhaldsrik presentasjon av alle pågåande prosjekt og ikkje minst kva kapasitetar som bedrifta har med sine framtidsvisjonar innan å vidareutvikle seg blant anna innan elementleveransar til boligmarkedet. Elementavdelinga starta i Surnadal og hadde støyskjermar som sin spesialitet før dei utvida til fjøsleveransar. Denne avdelinga vart etter kvart flytta til Todalen, og produserer no for imponerande 80 millionar i året. Men utviklinga og potensialet stoppar ikkje der, kan Terje fortelje. -Vi har mål om å nå ca 300 millionar, men er da avhengig av ulike faktorar til å lykkast. Ein av dei aller viktigaste er kvalifisert arbeidskraft.

Utviklinga har dei siste åra vore rivande, det aller meste er digitalisert, og maskinene gjer jobben for hammar og sag. Terje Talgø og Nils Ove Bruset orienterer.

Talgø kan ikkje berge alt!

Terje Talgø oppfordra dei frammøtte til å engasjere seg i saka om både å få kommunen til å forplikte seg i boligmangelen som er i bygda og ikkje minst for å få folk til å busette seg her. -Vi er alle ansvarlege for å berge Todalssamfunnet. Han påpeika at Talgø den seinare tid har strekt seg langt i å både oppretthalde og vidareutvikle Talgø i bygda, no må fleire krefter være med å dra vidare. 

Ungdomsbordet med Marte Talgø, Andreas Brøndbo og Jan Bruset. Og Andreas oppsummerte det heile enkelt og greit: -får vi folk først til å komme til Todalen, blir det todalingar av dei!

Nye arbeidsgrupper allerede i gang

Dei framøtte tok ein liten runde rundt borda, for å komme opp med gode innspel i vegen vidare. Og dette resulterte i nye arbeidsgrupper for vidare arbeid for både økt markedsføring av bygda, og for å kartlegge bustadsmulegheitene. Fleire tomter vart lokalisert for dei som kunne tenkt seg dette, og vil etter kvart bli presentert når resten av arbeidet kjem i gang.

Carsten Bohle, Bjørn Gunnar Ansnes, Torill Gjeldnes og Olav halle er ein del av kartleggingsgruppa for bustadsmuligheiter i Todalen. Bjørn Gunnar er kontaktpersonn om nokon ønsker å formidle salg, utleie eller anna spørsmål.

Andreas Brøndbo, Marte Talgø, Nils Ove Bruset, Cathrine L Kårvatn og Gudmund Kårvatn danna markedsføringsgruppa. Denne gruppa vil vi forhåpentlegvis både høyre og sjå meir til framover!

Om du ikkje var på møtet, men absolutt kunne tenkt deg å være med er det plass til enda fleire i begge gruppene!

Først publisert: 11. juni 2018, 22:57 - Sist oppdatert: 12. juni 2018, 07:24