«Dagens trippel»
Surnadal kino vil gjera sitt til å gi eit best muleg tilbod i haustferien og vil, stort sett, vise tre filmar kvar dag til og med søndag 14. oktober.
Vi fann 3614 artiklar i dette arkivet.
Surnadal kino vil gjera sitt til å gi eit best muleg tilbod i haustferien og vil, stort sett, vise tre filmar kvar dag til og med søndag 14. oktober.
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 1. oktober. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring til Bruset. Derifrå går turen etter fin og fast skogsveg, og det er ikkje bratt. På Kleiva, eit lite stykke ovanfor Haugligardane, er det bord og fin utsikt utover bygda. Alle er velkomne til å bli med på trim og tur!
Dei siste dagers nedbør har no gjort at det no er vorte overløp ved dammen på Tovatna. Nils Henrik Johnson som er miljøansvarlig ved TrønderEnergi Kraft AS held oss orientert i prosessen med anleggsarbeidet:
Godt over 150 personar samla seg i Stornaustet på Halsa i går på elevtreffet for tidlegare elevar og tilsette ved Halsa vidaregåande skule. Treffet kom i stand etter at Einar Oterholm tok utfordringa med å fullføre den historiske samlinga han byrja på med første bind «Historia til Nordmøre husmorskule». Boka som tok for seg historia til Nordmøre husmorskule frå 1921 til 1977.
Sanitetsforeninga inviterer til Rusletur måndag 24. september. Denne gongen blir det base ved Sanitetshuset, og så kan ein gå tur i byggefeltet, utover til Småbåthamna eller opp til Løfta.
Yr.no har hatt mykje ekstremmeldingar dei siste dagane – ført var det stormen «Helene» som har herja rundt Stadt, og no er det «Knud» som er aktiv med både vind og regn på Sørlandskysten. Her på traktene er det meldt regn frå i dag fredag og meir eller mindre ut 10-dagersperioden. Spesielt blir det etter meldingane mykje regn frå fredag kveld og det komande døgnet – til saman kan i 24-timersperioden bli opp mot 40 mm.
Norsk Laksefestival inviterer til åpent møte onsdag 26. september kl. 19.30 på Thon Hotel Surnadal i forbindelse med neste års Laksefestival. I følge Driva.no spøkjer det no for eit eventuell jubileumsarrangement, om ikkje bygdefolket i Surnadal ser si besøkelsestid og engasjerer seg i kommande festival.
Det er oppfordringa frå senterleiar Lorentz Sæter denne veka, før han på laurdag kunngjer kven som blir den heldige vinnar av Amfelia og Oskar-prisen på heile 5000 kroner. Dette er ein heilt ny pris som no deles ut på alle AMFI senter denne veka, i forbindelse med kampanjen Barnas Dager.
Ski- og friidrettsgruppa i Todalen idrettslag arrangerer aktivitetar på Tjønnmyrå måndagskveldane. Dette er eit fint tilbud for små og store, og er i staden for lagseriestemne på Bordholmen.
Som tidlegare nemt har ungane i Start 4H hatt samling i helga med både loddsalg og LAN. Vi har fått ein liten rapport både frå Lisabet Storslett som var deltakar, og Ragna og Line Kvendset som var med og held litt oppsyn.
Surnadal Sparebank inviterer alle som vil til en temakveld med den digitale banken og verden rundt oss på agendaen. Anders Gran, salgssjef i Eika vil gi råd og tips til optimal bruk av banken digitalt, men han vil også fortelle om farene som lurer i forhold til falske e-poster, id-tyveri osv.
Frå kulturavdelinga ved Surnadal kommune har vi fått tilsendt helgas program på kinoen. Her er det noko for ein kvar å freiste med. Blant anna premiere på den nye Flåklypa-film og skrekkblanda gjensyn med eit seigliva monster.