Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Månelyst på Surnadal kino

Elinor Bolme Fredag 14. september 2018

Frå kulturavdelinga ved Surnadal kommune har vi fått tilsendt helgas program på kinoen. Her er det noko for ein kvar å freiste med. Blant anna premiere på den nye Flåklypa-film og skrekkblanda gjensyn med eit seigliva monster.

Premiere er allerede fredag 14. september på den siste filmen i «Solan og Ludvig»-triologien. Og da når dei nye høgder, for denne gongen skal dei konkurrere om å kome først til månen. Da kan det meste gå gale – og vil gå gale. MÅNELYST I FLÅKLYPA er tillate for alle og blir vist i heile helga og utover neste veke.

Verdas mest farlege rovdyr, PREDATOR, er tilbake og berre ein ihopraska forsamling av eks-soldatar og ein professor kan stoppe det. Kanskje. Her vil det nok skvette ein bloddråpe i ny og ne for aldersgrensa er sett til 15 år. Filmen vil gå i ei stor veke framover med første visning fredag 14. september.

Den norske filmen SKJELVET har samla eit stort publikum og vil også gå laurdag og søndag, og litt i neste veke.

 

Publisert: 14. september 2018, 17:49