Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stem fram din favoritt!

Elinor Bolme Tysdag 18. september 2018

Det er oppfordringa frå senterleiar Lorentz Sæter denne veka, før han på laurdag kunngjer kven som blir den heldige vinnar av Amfelia og Oskar-prisen på heile 5000 kroner. Dette er ein heilt ny pris som no deles ut på alle AMFI senter denne veka, i forbindelse med kampanjen Barnas Dager.

Under Barnas Dager blir det mykje aktivitet i senteret frå torsdag til laurdag fortel Lorentz. Barnehagane i nedre Surnadal kjem på besøk fredag og vi har laga i stand ulike aktiviter til dei. Til og med ein sjørøvar dukkar opp, fortel han. I tillegg blir det både teiknekrok og ansiktsmåling desse dagane. Men hovedattraksjonen blir vel likevel utdeling av Amfelia og Oskar-prisen på laurdag, trur han.

Avstemminga foregår på AMFI Surnadal si facebookside og ved ein stand i senteret. Det lønner seg så absolutt å ta turen til sentert for å avgje stemme, for då er du i tillegg med på ei trekning sjølv også, meiner Lorentz. Da kan du vinne eit dittgavekort.no på 300 kroner.

 

Følgjarane ved AMFI Surnadal si facebookside foreslo tidleare kandidatar til prisen. Markedsrådet på senteret hadde derfor mange gode kandidatar på velgje i mellom, og landa på desse fem kandidatane som vi kan stemme på til slutt. Avstemminga held fram til fredag klokka 12, så stem fram din favoritt, oppfordrar Lorentz.

Trykk på lenkja og stem fram din favoritt: AMFI Surnadal sin Amfelia og Oskar-pris Du kan stemme ein gong i døgnet per medium (Telefon/pc/pad).

Publisert: 18. september 2018, 07:21