Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3110 artiklar i dette arkivet.


«Hjelp og glede»- med tanke for andre!

Elinor Bolme Måndag 23. juli 2018

Elsa Kvande på Kvanne har engasjert seg for dei fattige og heimleuse i Romania. Gjennom organisasjonen «Hjelp og Glede» på Smøla har ho på eige initiativ starta ein liten avleggar her i Surnadal også det siste året. Ho samlar inn både kleder utstyr og pengar for at fattige i Propesi, Pantelimon og Heresti skal kunne få eit verdig liv bort i frå gatene.


Småviltjakt på Kårvatn

Elinor Bolme Sundag 22. juli 2018

Tida for årets jakt nærmer seg med stormskritt. Det er Surnadal Jeger og Fiskeforening som har ansvaret for småviltjakta på Kårvatn og denne vart opna for fordeling tidlegare i sommar. Her har det vore stor interesse allerede, med over 50 påmeldinger.


Coby Omvlee- årets festivalkunstner

Elinor Bolme Torsdag 19. juli 2018

Fredag 27. juli inviterer Stangvikfestivalen til utstillingsåpning med festivalkunstner Coby Omvlee etterfulgt av en «artist talk’ sammen med kurator og kunstner Brit Dyrnes. Årets Festivalkunstner er født og oppvokst i Nederland, men flyttet til Trondheim i 1980.


«Here We Go Again!»

Steinar Hasselø Torsdag 19. juli 2018

Premiere på «Mamma Mia 2» på Surnadal kino fredag! «Tull og tynt tøys, dette her – i enda større grad enn forrige gang. Men det er godlynt, blidt tull og tøys, som mange vil kose seg glugg i hjel med», skriv VG og trillar til ein fire på terningen.


Snorre Larsens minneturnering på Surnadal golfpark

Elinor Bolme Måndag 16. juli 2018

Laurdag samla Surnadal golfklubb 43 spelarar i forbindelse med Snorre Larsens minneturnering. Snorre var ein ivrig golfar, og var med og rekkruterte fleire yngre spelarar til golfklubben før han brått gjekk bort i fjor haust.


Hyttebok frå helvete

Steinar Hasselø Måndag 16. juli 2018

31. oktober kjem Are Kalvø ti Surnadal kulturhus med oppsettjinga si «Hyttebok frå helvete». Her får ein oppleve ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.

Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar. Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar.


Åpe Sjøbruksmuseum, kvar søndag

Elinor Bolme Sundag 15. juli 2018

Bøfjorden Historielag er eit driftig lag som kvar søndag i sommarsesongen har ulike arrangement på   Sjøbruksmuseet. Her er det kaffe og småsalg, og av og til lokkar dei med søndagsmiddag. Vi har fått oversendt sommarens program, der dei fortel at åpningstida er frå 13-17 og dagens tema alltid byrjar klokka 15.   


Stadig fleire «sommarlesarar»

Steinar Hasselø Sundag 15. juli 2018

Det ligg an til at dei unge boklesarane i Surnadal vil slå alle rekordar i sommar. Så langt har dei som er med i «Sommarles»-kampanjen lese 132.075 sider.

Dei fleste biblioteka er med på «Sommarles», ein kampanje for dei unge som skal stimulere til å bruke sommaren til å lese.


Om 14 dagar brakar det laus

Elinor Bolme Torsdag 12. juli 2018

Annakvart år er det rolegare tider for Stangvikfestivalen og deira gode hjelparar. I desse dagar derimot, er dei i full gang med planlegging av dugnadskomitear, overnattingslokasjonar, fiskeburgarar, fotballturnnering og ikkje minst finpuss av programmet for den sjette festivalen i rekkja. Frå 26. – 29. juli. Hovedsakleg med lokasjon i Stangvika, men også med eit arrangement i Todalen som åra før.


Kladdekake på menyen

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2018

Kladdekake kalla dei kaka si dei to ungjentene som satt utanfor Matkroken og freista kundane på tur inn og ut i ettermiddag. Maria Kvendset Bergli og Ylva Synnøve Gjeldnes hadde teke seg tilrette på Sandstadkjøkkenet og trylla fram ei velsmakande sjokoladekake. Dei to er glade i å kokkelere, og kjem nok til å bli habile dugnadsbakarar om nokre år.


Kunstinteressert ungdom – sjå her!

Steinar Hasselø Laurdag 7. juli 2018

Jarl Goli kjem til Surnadal i midta av august og planlegg eit kinderegg av eit opphald. Og hans tredje ønske er spesielt med tanke på å få med seg ungdommane på noko spennande.

Jarl Goli er eit kinderegg i seg sjølv, da han er både bildande kunstnar, diktar og foredragshaldar. Det er mest den første utgåva vi vil møte i Surnadal i august.


Storsvert oppmøte, og fisken beit

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2018

Fredag kveld inviterte Surnadal jeger og fiskeforening til sjøfiskekveld på Nordvik. Og med rundt 35 unge deltakarar må det seiast at det vart rekordoppslutning. Alle mann fekk være med ut for å prøve fiskelykka på fjorden, og nesten alle båtane kom inn att med fangst i bøttene.