Todalsfjordprosjektet søker dagleg leiar
Vi har fått ei pressemelding frå styret i Todalsfjordprosjektet, der dei informerer om at dei akkurat no søker etter dagleg leiar.
Vi fann 3617 artiklar i dette arkivet.
Vi har fått ei pressemelding frå styret i Todalsfjordprosjektet, der dei informerer om at dei akkurat no søker etter dagleg leiar.
I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i føremiddag får vi ei oppdatering om koronavaksineringa dei komande vekene. På grunn av omfordeling av vaksiner har vaksineringsplana endra seg noko, så det kan vere lurt å følgje med i vekene framover. Pressemeldinga kan du lese i si heilheit nedanfor:
I ei pressemelding frå SpareBank 1 Nordmøre no på morgonkvisten, blir det kunngjort at SpareBank 1 Nordmøre kjøper 70% av aksjane i Trio Regnskapsservice, og blir med det hovudaksjonær. Trio Regnskapsservice har kontor i Surnadal og Trondheim. Totalt er det 28 medarbeidarar, 12 ved kontoret i Surnadal og 16 ved kontoret i Trondheim. Trio Regnskapsservice har rundt 600 kundar. Nedanfor kan du lese heile pressemeldinga frå SpareBank 1 Nordmøre.
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag feira første sommardag med tur til Strengen, og ein skikkeleg fin sommardag med god sommarvarme vart det!
I ettermiddag inviterer Surnadal Senterungdom alle mellom 13 og 30 år til Pizza og Politikk på Fritidsklubben/Frivilligsentralen på Skei klokka 16:00. Her får du litt orientering om Senterungdommen og politikken deira. I tillegg kjem fylkesleiar i Senterungdommen, Dordi Boksasp Lerum.
Søndag 6.juni mellom klokka 12:00 – 16:00 er det sesongopning hos Slettneset steinovnsbakeri på Nordvik. Det er førebels meldt godvêr, så da skulle alt ligge til retter for å ta søndagskaffen i Slettneset på søndag!
Det kommunale vassverket i Bjøråa melder om driftsstans i føremiddag. Det er ein mindre reparasjon og periodisk vedlikehald som skal utførast, og dei reknar med ordinær drift igjen seinast kl 12. Surnadal kommune har tilsaman 13 vassverk som dei har driftsansvaret for, rundt omkring i kommunen I vassverkhuset ved bjøråa er det installert mekanisk filter […]
Torsdag 3.juni klokka 18:00 er det duka for årets første fotballkamp på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen G9 mot Surnadal G9, med andre ord eit klassisk lokaloppgjer!
Kleivaprisen har vore utdelt sidan 1998, alltid på Kleivakvelden! Men i fjor vart den ubrotne rekka med å dele ut prisen her oppe på Kleivakongen sitt sete, brote. Da vart prisen delt ut ein annan stad i Vårsøglandet. Da måtte Kleivakveld inn i Storstua på kulturhuset. Det var riktig nok i starten av pandemien, men hovudårsaka til at Kleivakvelden vart flytta inn var at; her vi sit i sola i dag – låg det tjukt med snø i fjor, slik er livet!
I helga er det «Vårsøghelg» med eit rikhaldig program, der «Kleivakvelden» laurdag klokka 18:00 er hovudarrangementet. Under blir og «Kleivaprisen 2021» delt ut. Programmet for «Vårsøghelga» finn du nedanfor. For å kjøpe billettar til dei ulike arrangementa trykker du på lenka: surnadal-kulturhus.no. Ein del av arrangementa er allereie utselt, så her er det ikkje mogleg å få kjøpt billettar.
Bli med på tur til Strengen! Tysdag 1.juni feirar Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag første sommardag med tur til Strengen.
På ettermiddagen i dag tikka det inn ei skikkeleg gladmelding til alle som er kundar i Gjensidige Heim, Surnadal og Tingvoll. I meldinga heiter det at kundane i Heim, Surnadal og Tingvoll får 15 millionar til fordeling.