SØK SOMMARJOBB-17 2021!
Ungdommar som fyller 17 år i år og er registrert busett i Surnadal kan søkje på ordninga «Sommarjobb-17». Hovudmålet er å gje ungdommane innsikt i arbeidslivet, og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Vi fann 3578 artiklar i dette arkivet.
Ungdommar som fyller 17 år i år og er registrert busett i Surnadal kan søkje på ordninga «Sommarjobb-17». Hovudmålet er å gje ungdommane innsikt i arbeidslivet, og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Torsdag 20.mai tok stavgangarane turen til Hamnes. Etter parkering ved gården til Torstein Hamnes ble det vandring langs fjorden i retning Sandneset. Veien innover er ca. 2 km., og da ble det 4 km. totalt. Dette var en passelig gåtur på nesten 90 min. Torstein hadde stilt restauranten i det renoverte fjøset til disposisjon for kaffepause, noe vi satte stor pris på. Vi var så heldige at vi hadde med oss 15 elever fra Surnadal Videregående skole, og til alt overmål serverte de flotte og velsmakende muffins. Dette var så bra at det gjerne kunne vært dessert i 4-stjernes middag.
22. – 27.mai deltek dei lokale kunstnarane Siri Skjerve og Brit Dyrnes på utstillinga «Årstider – Der jeg er», ved Hovedøya Kunstsal og Tegnerforbundets prosjektrom i Oslo. Bakgrunnen for utstillinga at dei to er med på utstillinga, er at Møre og Romsdal kunstsenter i november 2019, inviterte kurator Helga-Marie Nordby til å kuratere ei utstilling i Oslo med kunstnarar frå vestlandsfylka.
Leiar i Todalen Idrettslag si Trimgruppa, Elinor Bolme, har sendt oss ein rapport og nokre bilete frå dugnaden på Jabenken i går kveld. Elinor skriv: – Når ein inviterer til dugnad i Todalen har det til dags dato, enno ikkje vore eit mislykka arrangement. Kveldens innvitasjon var faktisk så innbydande at den eine av deltakarane kunne fortelje at han mønstra opp ei veke for tidleg…
Torsdag 20. mai sesongopnar Svinviks arboret. Frå 20. mai – 20. juni vil arboretet vere ope kvar dag mellom klokka 11:00 – 16:00, unntatt måndagar, da er det stengt. Arboretet vil vere ope heile pinsehelga, inkludert måndag 2.pinsedag.
Redaktør i Todalen.no, Jon Olav Ørsal, fyller i dag 70 år, og da vi var innom redaksjonslokala på Skogly tidligare i dag, så var kaffelaget allereie i gong.
I går kveld var det årsmøte i Start 4H i skulstuå. Før årsmøtet fekk dei fire nye medlemmene ei omvisning i klubblokala av klubbrådgjevar Ragna Kvendset. Dei fekk og ei kort orientering om kva det inneber å vere med i 4H og kva for prosjektoppgåver dei kan velje mellom.
Det blir sommarleirar i regi av kyrkja òg i sommar. Årets sommarleirar blir i Oppistu Torvik og på Vaulen på Nordmarka. Det blir 2 overnattingsleirar for deg som er ferdig med 2.-4.årstrinn i Oppistu Torvik og ein overnattingsleir for deg som er ferdig med 5.-7.årstrinn på Vaulen på Nordmarka.
Opprinneleg skulle fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ha vore på tur til Strengen i dag. Men på grunn av at det framleis er snø i delar traseen opp til Strengen, måtte fjellgruppa finne eit nytt turmål. Valet fall på Austre Nordmarksvegen. Det var totalt seksten turdeltakarar på dagens tur.
I ei pressemelding frå Friluftsrådet Nordmøre og Romadal no i ettermiddag får vi informasjon om eit heilt nytt tilbod i Stikk UT! Familien, nemleg Stikk UT! SAMMEN. Bakgrunnen for konseptet er at Frilutsrådet ønskjer at fleire «seniorar» skal kome ut på tur, og håper difor at «Stikk UT! SAMMEN» prosjektet skal bidra til nettopp dette.
Dersom du har mistanke om at du kan vere smitta av covid-19, men ikkje har direkte symptom, og difor ønskjer å teste deg, så kan du no gjere dette hos Midtnorsk HMS-senter i Surnadal. Frå og med denne veka tilbyr nemleg Midtnorsk HMS-senter hurtigtesting av covid-19. Dette er eit godt supplement til testtilbodet Surnadal kommune sjølv kan tilby.
I ei pressemelding frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) no i ettermiddag, får vi vite at KNT startar eiga fjellsportgruppe. – Bratte forsvarlige turer får sin egen gruppe gjennom KNT Fjellsport. Fokuset ligger på klatring, brevandring, randonee og andre fjellaktiviteter som krever spesiell kompetanse, heiter det mellom anna i pressemeldinga frå KNT.