Bli med Fjellgruppa til Tverrlihytta
Tysdag 14.september går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Tverrlihytta i Bøverdalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring.
Vi fann 3677 artiklar i dette arkivet.
Tysdag 14.september går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Tverrlihytta i Bøverdalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring.
Som mange sikkert har fått med seg, så har Remidt lagt om frå to til fire søpledunkar frå 1.september i år. Dette gjer at tømmekalenderen er endra. No blir det slik at nokre av dunkane blir henta på tysdagar, medan andre blir henta på fredagar. Sorteringa har og blitt endra slik at vi må sortere meir enn tidlegare. Alt om sortering finn du på heimesidene til Remidt på remidt.no
Nikolai S. Hopland, med røter frå Heimstad i Hallsetgrenda, er i desse dagar med på det norske U17-landslaget i fotball, som akkurat no spelar turnering i Sverige. I første kampen mot Belgia (seier på straffar) var han til og med kaptein for laget. Andre kampen, mot Danmark, vart og vunnen på straffar.
Onsdag morgon var ei gruppe AP-politikearar på snarvisitt på MøreTre for å få info om stoda for den mykje omtala royalsaka som har versert dei sista halvanna åra. Gruppa var nok på valkampturne i området og fatta altså interesse for denne viktige saka mange kan bli berørt av. Det var konsernsjef Terje Talgø som orienterte […]
Her kjem avstemming av månadens bilete for august, mang ett fint bilete med god sommar stemning. Hjelp oss med å kåra ein vinnar. Du kan stemma fram til torsdag kveld.
Elinor Bolme, leiar i valstyret i Todalen krins, fortel at stemmelokalet i Todalen for årets Stortingsval er lokalisert i lokala til Todalen barnehage. Stemmelokalet opnar dørene klokka 12:00 og har ope fram til klokka 20:00 måndag den 13.september. Stemmelokalet vil vere godt merka, så det skal ikkje vere noko problem å finne fram, sjølv om stemmelokalet, i år, er lokalisert på ein ny stad!
I går vart det endeleg tur til Åsbøsnyta for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Sist dei skulle på tur dit, spela ikkje vêrgudane på lag med dei, og lenge såg det ut til at dei ikkje skulle gjere det denne gongen heller, men vêret letta såpass at dei 14 deltakarane bestemte seg for å ta turen, noko dei ikkje angra på.
I ei pressemelding frå Regjeringa, via NTB, blir det opplyst at Trollheimen landskapsverneområde er foreslått omgjort frå landskapsverneområde til nasjonalpark. Det er Miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn (V) som er ansvarleg statsråd for nasjonalparkane som opplyser dette til NTB.
Da meldee Politiet at eigar og hund er gjenforeint og at saka dermed fekk ein lykkeleg slutt. Det var på tidleg ettermiddag at Politiet etterlyste eigaren av ein hund som var teken vare på.
«Team hit and hope» med Rune Lønnum og Kari Lise Kongshaug frå Kristiansund og Omegn Golfklubb gjekk til topps i «Svorka Mini Maraton 2021». Det var Surnadal Golfklubb som stod som arrangør av turneringa på Surnadal golfpark på Mo laurdag. Turneringa var ei såkalla parturnering og vart spela 3 rundar av 9 hål.
Todalen sokneråd fortel at det blir gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 12.september klokka 11:00. Liturg er Cathrine Grutle og Ronny Kjøsen er organist. Under gudstenesta vil det bli presentasjon av neste års konfirmantar i Todalen kyrkje.
To personar med folkeregistrert adresse i Surnadal kommune, har fått påvist koronasmitte. Båe oppheld seg for tida på andre stadar i landet, og blir tekne hand om av helsevesenet der dei oppheld seg, opplyser kommuneoverlege i Surnadal kommune, Bjørn Buan til Driva.