Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
APs førstekandidat i Møre og Romsdal, Per Vidar Kølmoen, til venstre, Salssjef Bjørn Hauglann, Jørn Henning Eggum, Fellesforbundet og Mette Nord fra Fagforbundet. Foto: Jon Olav Ørsal

Ap fikk orientering om royalsaka på Talgø MøreTre

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. september 2021

Onsdag morgon var ei gruppe AP-politikearar på snarvisitt på MøreTre for å få info om stoda for den mykje omtala royalsaka som har versert dei sista halvanna åra.  Gruppa var nok på valkampturne i området og fatta altså interesse for denne viktige saka mange kan bli berørt av.

Terje Talgø fortalte om familiebedrifta Talgø, der Terje er 4. generasjon og Thore Talgø var første generasjon. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var konsernsjef Terje Talgø som orienterte om familiehistoria i Talgø-konsernet, der Terje er 4. generasjon og som innleia om royalsaka som har fått så mykje merksemd dei siste åra.  Bjørn Hauglann som er salssjef i Talgø MøreTre gikk meir i detalj om royalsaka som no er meir fastlåst enn nokon gong, og som har tvinga Talgø til å stevne staten for å prøve å vinne fram på ein rettferdig måte. 

Royalsaka gjeld klassifiseringa av royalkledninga som Talgø MøreTre og berører 30-35 av totalproduksjonen til Talgø MøreTre, så det er ei vikig sak å få ei rettferdig klassifisering på. Dei siste åra har det vore gjort mange testar – både eigne testar og uavhengige testar, men framlis står denne saka i stampe, sjølv om Talgø MøreTre har knytt toppfolk på både jus og teknologi/kjemi til saka for å finne ei rettferdig løysing. 

Salssjef Bjørn Hauglann i Talgø Møretre gikk meir i detalj om royalsaka. Foto: Jon Olav Ørsal

Hovudtillitsmann i Talgø MøreTre Dan Roger pedersen og Rune Olsø som er rådgjevar i Agenda. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. september 2021, 10:26