Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa – endeleg vart det tur til Åsbøsnyta

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. september 2021

I går vart det endeleg tur til Åsbøsnyta for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Sist dei skulle på tur dit, spela ikkje vêrgudane på lag med dei, og lenge såg det ut til at dei ikkje skulle gjere det denne gongen heller, men vêret letta såpass at dei 14 deltakarane bestemte seg for å ta turen, noko dei ikkje angra på. 

Opp frå Nordvik. Foto: Anne V. Einum

– Det var berre såvidt det vart, men så snudde vêret, så det mesta var utvarainn, og vi la i veg 14 i følgje mot Snytå, seier Kristian Ranes.

Fint og vedt utsyn frå Snytå. Foto: Anne V. Einum

– Vi kom oss over søkkjedikje takk vera dugnadsarbeid på stien. Somme av oss som er mest på verda tykte det var kjøle å legg  så fine fjøle ni myra, men dei var stødige å ga på, fortsett han.

Her bør ein trø varsamt. Foto: Anne V. Einum

– Grunna god moral og sterkt tross kom vi alle opp, fekk oss mat og kom oss ned att. Bra tur, avsluttar Kristian. 

I trollsk skodde. Foto: Anne V. Einum

Takk til Kristian Ranes og Anne V. Einum for informasjon og bilete frå gårsdagens tur til Åsbøsnyta. 

Ein fin tur er snart over. Foto: Anne V. Einum

Neste tysdag blir det Tverrlihytta i Bøverdalen for Fjellgruppa. Alle er som vanleg velkomne!

Ned gjennom granskogen. Foto: Anne V. Einum

Nedanfor kan du sjå nokre bilete til frå gårsdagens tur: 

Publisert: 8. september 2021, 06:14