Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stortingsvalet 2021 i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. september 2021

Elinor Bolme, leiar i valstyret i Todalen krins, fortel at stemmelokalet i Todalen for årets Stortingsval er lokalisert i lokala til Todalen barnehage. Stemmelokalet opnar dørene klokka 12:00 og har ope fram til klokka 20:00 måndag den 13.september. Stemmelokalet vil vere godt merka, så det skal ikkje vere noko problem å finne fram, sjølv om stemmelokalet, i år, er lokalisert på ein ny stad!

Dei aller fleste som har stemmerett ved årets Stortingsval skal ha fått tilsendt digitalt valkort i Digipost, E-boks eller Altinn. Nokre få har fått valkortet i papirutgåve. Men uansett om du har fått valkortet digitalt eller i papirutgåva, skal valkortet takast med til stemmelokalet og framvisast der på valdagen. 

Årets stemmelokale er lokalisert i lokala til Todalen barnehage. Foto: B G Ansnes

Da skulle alt vere klart til årest Stortingsval, så da står det berre at å oppfordre alle til å bruke stemmeretten sin! 

Publisert: 8. september 2021, 07:41