Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3284 artiklar i dette arkivet.


Matkroken Todalen – Fin omsetningsauke i 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. februar 2021

2020 var eit bra år for daglegvarebransjen i Norge, med ein omsetningsauke på rundt 10%. Matkroken Todalen var ikkje noko unntak i så måte og kan vise til ein omsetningsauke på 10,6%. Matkroken Todalen auka omsetninga på daglegvarer frå 9 millionar i 2019 til 9,9 millionar i 2020.


Jenny Klinge – har gjeve ut boka Dønn distré

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. februar 2021

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge (45),  har gjeve ut bok om det å vere distré. I boka kan vi lese mange historier, som sikkert ikkje var så morsomme der og da, men som i ettertid blir god underhaldning for lesarane av boka. Jenny og sambuar Råg bor på Nordvik, så sjølv om Jenny no reknar seg som nordvikgarding, vil ho etter eige utsegn, alltid òg i tillegg rekne seg som østbødaling. Sidan Jenny er medlem av Stortingen, så bor ho i Oslo mykje av året, men litt tid får ho saman med familien på Nordvik. Boka til Jenny er å få kjøpt på Matkroken Todalen og kostar kr. 199,-


Det snør og det snør

Jon Olav Ørsal Sundag 31. januar 2021

Det er nok mange som har teke sin tørn med snørydding i dag – vi er iallfall velsingna med rundt 30 cm nysnø – fin puddersnø – som nok mange sett stor pris på.  Men det var nok inga overrasking etter som snøvêret både i går og i dag var meldt på både Yr.no og på Storm.


Nypreparerte løyper på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 31. januar 2021

Vi har fått melding frå Ola Dalsegg om at han akkurat er ferdig med å preparere løypene i lysløypa på Tjønnmyra. Ola rapporterer at det er kjempefine forhold for å gå på ski no. Så han oppfordrar folk til å ta ein tur!


Innfører nye smitteverntiltak ved sjukeheimen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. januar 2021

I samråd med kommuneoverlegen har leiinga ved Surnadal sjukeheim innført nye tiltak som gjeld for besøkande og pårørande som har vore på reise til eller er busett i dei kommunane som no er råka av det muterte koronaviruset. Dei nye tiltaka gjeld frå fredag 29.januar. 


Koronavaksinering av heimebuande over 85 år fortsett i veke 5

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. januar 2021

I veke 5 fortsett vaksineringa av heimebuande personar over 85 år i Surnadal kommune. I veke 5 blir det 55 som vil få første del av koronavaksina. Dei som skal vaksinerast neste veke har allereie fått SMS om dette. Det er viktig at dei som har fått SMS om vaksinering, går inn på c19.no, loggar seg på med ID-porten og bekreftar at dei tek imot tilbodet om vaksinering eller ikkje, så raskt som moglen. Det er og mogleg å bekrefte dette ved å ringe Surnadal kommune sin vaksinetelefon: 913 79 001. 


Koronavaksineringa av heimebuande i gang

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. januar 2021

I dag fekk dei første 19 heimebuande personane over 85 år i Surnadal kommune si første sprøyte med koronavaksine. Vaksineringa vart gjennomført på scena i kulturhuset. Da går det rundt to veker før neste dose må takast, slik at vaksina verkar som den skal. 


Årets bilete 2020

Mari B. Redalen Laurdag 23. januar 2021

Det syns kanskje ikkje på bileta at året 2020 vart litt annerledes, mange flotte bilete er satt opp til kåring for å bli årets bilete for 2020. Vi ynskjer hjelp til å finne riktig vinnar. Stem på din favoritt i veka som kjem. Og den med flest stemmer vinn sitt eige bilete innrama og klart til å henga på veggen. Årets bilete publiserast på vårt årsmøtet i mars.


Surnadal Sparebank opnar dørene att

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. januar 2021

Frå torsdag 21.januar opna Surnadal Sparebank dørene att ved hovudkontoret på Skei. Avdelingskontora i Trondheim og i Kristiansund vil framleis ha stengte dører. Dette melder banken på sine eigne heimesider. 


«Barn i løypa» i plussgrader

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. januar 2021

I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste +2 grader, så ein kan trygt seie at det var ein mildvêrskveld i forhold til førre onsdag, da gradestokken viste -13 grader. Rett nok var det litt vind, så den verkelege temperaturen var nok litt lågare enn det gradestokken viste. Men det var kjempefine forhold i nypreparerte løyper og få, eller eigentleg ingen, utfordringar smøre-messig. 


I veke 4 tek koronavaksineringa av heimebuande over 85 år til

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. januar 2021

Neste veke (veke 4) startar Surnadal kommune så smått opp med koronavaksinering av dei som er over 85 år, og som bur heime. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen for å få tilbod om vaksinering. Dei det gjeld blir kontakta på telefon innan tysdag 26.januar klokka 16:00.


Surnadal kommune – endringar av smitteverntiltaka for barn og unge

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. januar 2021

I ei pressemelding frå kommunen no tidleg i ettermiddag, melder kommunen om endringar i enkelte smitteverntiltak. Endringane gjeld hovudsakleg undervisning, idrett og kulturaktivitetar for barn og unge, og gjeld frå og med onsdag 20.januar.