Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vintersolkverv – årets kortaste dag, og da «snur sola»

Jon Olav Ørsal Måndag 20. desember 2021

Endeleg snur sola, og frå tysdag 21. desember kl 16:59 (norsk tid) så går det mot lysare tider igjen på den nordlege halvkule.  Det er nok mange som tykkjer at denne tida er tung og mørk, og når det er styggvêr så er det knappast skikkeleg ljosdag på denne tida.

Slik står sola og jorda i forhold til kvarandere ved vintersolsnu 21. desember 2021.

Det er nok ikkje så mykje å hente dei første dagane, men i løpet av januar merkar vi godt at dagane blir lengre.  I dag er dagslengda 4 timar og 40 minutt, så det er nok mest natt på denne tida.

Men litt ut i januar så aukar daglengda med 6 minutt per dag, og d opplever vi at dagen blir 1 time lenger for kvar 10. dag – og da monnar det på. Vil du lese meir om solsnu så kan du følgje linken til vintersolkverv

 

Publisert: 20. desember 2021, 17:38