Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kommunehuset stengt for besøk utan førehandsavtale

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. desember 2021

I ei pressemelding tidleg no i ettermiddag får vi informasjon om at kommunedirektøren i Surnadal kommune, ved å vise til dei nasjonale smitteverntiltaka, med verknad frå i dag, har stengt Surnadal kommunehus for besøk som ikkje er avtalt på førehand.

– Det er innført strenge nasjonale tiltak for å førebygge og bremse smittespreiing.  Påbod om utstrekt bruk av heimekontor gjer at mange av våre saksbehandlarar no ikkje befinn seg på kommunehuset. Henvendelsar frå innbyggarane våre bør difor i størst muleg grad skje digitalt.  Ved behov for fysisk oppmøte er dette likevel muleg dersom ein gjer avtale om dette med aktuell saksbehandlar på førehand, seier kommunedirektør Knut Haugen i pressemeldinga. 

Henting av hurtigtestar på kommunehuset

Personar som skal hente hurtigtest på kommunehuset må ringe kommunens sentralbord for utlevering og henting på utsida i opningstida mellom kl. 09:00 – 15:00. Surnadal kommune kjem med meir informasjon om bestilling og henting av hurtigtestar ved redusert opningstid under jule- og nyttårshøgtida.

For ytterlegare informasjon og oppdateringar:  «surnadal.kommune.no»

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 15. desember 2021, 14:36