Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koronamitte i 6. trinn ved Surnadal barne- og ungdomsskule

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 19. desember 2021
I ei pressemelding frå kommuneoverlegen i Surnadal kommune, Bjørn Buan, får i ettermiddag vite at smittetrykket i kommunen er høgt. Dette har samanheng med pågåande smittesporing i 6. trinn ved Surnadal barne- og ungdomsskule. To elevar på 6. trinn ved skulen har testa positivt på hurtigtest dei siste dagane. Smittesporing har så langt ikkje kunne bekrefte smittekjelde eller samanheng mellom desse to.
– Vi ventar snarleg resultat på PCR-testar av dei to elevane. Rutinemessig screening av 6. trinnet med hurtigtesting har så langt ikkje gjeve fleire positive testsvar, seier Buan i pressemeldinga. 
– Smittetrykket i kommunen er igjen høgt, etter eit par veker med mindre påvist smitte. På bakgrunn av dette førebur kommuneoverlegen beslutning om overgang til raudt nivå for det aktuelle 6. trinnet frå måndag 20. desember kl 00:00. Dette vil innebere heimeundervisning, seier han vidare.
Barn under 18 år skal ikkje i nærkontakt-karantene, med mindre det er påvist smitte i husstanden. Så lenge det er mykje smitte i kommunen anbefaler kommunen at barn, ungdommar og vaksne viser ekstra smittevernomsyn i aktivitetar og under samankomstar. 

Bekrefta smitte hos nærkontaktar ved to andre smittesporingar

To vaksne nærkontaktar ved andre pågåande smittesporingar fekk laurdag 18. desember bekrefta positive PCR-testar. Fleire positive prøvesvar er venta dei nærmaste dagane. Også her er den opprinnelege smittekjelden uklår.


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 19. desember 2021, 15:44