Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka Nett endrar namn til S-Nett

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. desember 2021

Frå 1. januar 2022 endrar Svorka Nett AS namn til S-Nett. Svorka Nett er ein del av Svorka-konsernet og driftar og utvikler straumnettet til rundt 10 000 innbyggarar og bedrifter i kommunane Surnadal, Rindal og deler av Heim.

Bakgrunnen for namneendringa er at alle nettselskap i Norge skal ha eit anna namn enn andre selskap i same energikonsern, fordi det skal vere eit klart skilje mellom nettselskapa og dei andre selskapa i konserna som driv med kraftproduksjon og sal av straum. Svorka håper det nye namnet framleis vil gje assosiasjonar til Svorka, sjølv om namnet altså no blir S-Nett.

For oss som kundar vil namneendringa ikkje ha noko som helst å seie, da vi framleis vil få straum og nettleiefakturaene akkurat på same måte som i dag. 

Det lokale nettselskapet vil i starten bli drifta på same måte som i dag. Dette inneber at nettselskapet framleis vil vere eigd av dei same eigarane og framleis vere ein del av Svorka-konsernet. Det blir heller ingen større endringar for dei tilsette.

Dagens kontaktinformasjon, som telefonnummer, e-post og heimeside, vil fungere som i dag, ei god stund framover. Eventuelle endringar vil bli kunngjort i god tid før dei blir gjennomført. 

Selskapet vil etter kvart få ny logo, men for å spare både kostnadar og miljø, vil bytte av logo skje i takt med behovet for utskifting av klær og utstyr. 

Pressemeldinga frå S-Nett kan du lese her: «Pressemelding S-Nett»

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 22. desember 2021, 12:56