Stavgangarane til Vang
Torsdag 14. oktober klokka 11:00 tek Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til I.L. Søya sitt skianlegg på Vang. Dette blir siste stavgangtur for sesongen. Parkering og kaffe ved Vang skisenter på Vang.
Vi fann 3525 artiklar i dette arkivet.
Torsdag 14. oktober klokka 11:00 tek Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til I.L. Søya sitt skianlegg på Vang. Dette blir siste stavgangtur for sesongen. Parkering og kaffe ved Vang skisenter på Vang.
Fredag 15. oktober mellom klokka 12:00 -17:00 er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Da fyller dei nok ein gang opp bakeriutsalet med mange ferske bakevarer, så her finn ein noko for ein kvar smak!
I år, som i fjor, blir Todalen sanitetsforening sin årlege og tradisjonelle «Sanitetsbasar» ein «Vipps-basar». Saniteten vil ha førehandssal på Matkroken Todalen fredag 8. oktober klokka 10:00 – 17:00 og laurdag 9. oktober klokka 10:00 – 15:00. I år er det fellesliste, der ein er med i trekninga på ALLE gevinstane, og kvart lodd kostar kroner 100,-, og Vippsnummeret er 534955 (Basar Todalen sanitetsforening).
I dag var det Hausttakkefestgudsteneste i Todalen kyrkje. Start 4H hadde pynta med frukt og grønnsaker til gudstenesta. Liturg var Cathrine Grutle medan Svein Ness vikarierte som organist. Neste års konfirmantar var med og las frå dagens tekst, medan 50-årskonfirmantane var invitert til å delta på gudstenesta.
Her kjem mange gode kandidatar for månadnes bilete september. Det kan bli vanskelig å velga ein vinnar blandt desse fine bileta.
I ei pressemelding frå Surnadal kommune i går ettermiddag blir vi informert om tredje vaksinedose. Folkehelseinstituttet tilbyr no tredje dose koronavaksine til ein større del av befolkninga. Tidlegare er ei ekstra dose koronavaksine gitt til personar med svekka immunforsvar. No skal nye grupper få ei oppfriskingdose for å forlenge det gode vernet mot alvorleg sjukdom ved eventuell koronasmitte i tida etter gjenopninga.
Frå næringsavdelinga i Surnadal kommune, har vi fått informasjon om den kommunale kompensasjonsordninga til verksemder, lag og foreiningar i Surnadal kommune. Dette er ei kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, lag og foreiningar som har vore særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak under koronapandemien.
Ein eldre fullvaksinert person, busett i Surnadal, har testa positivt på reise utanfor kommunen. Vedkommande er isolert og oppheld seg utanfor kommunen i isolasjonsperioden. Risikoen for vidare smitte er særs låg. Dette opplyser kommuneoverlege Bjørn Buan, i ei pressemelding, no på tidleg ettermiddag.
Tysdag 12. oktober mellom klokka 10:00 – 17:00 er det haustferieaktivitet hos Stall Lerbru i Stangvik. Aktivitetsdagen er for alle skulebarn frå 1. – 7. årstrinn. Det er lagt opp til mange forskjellege aktivitetar, i tillegg til stell og ridning kan Stall Lerbru tilby mange andre aktivitetar denne dagen.
Grunna vedlikehaldsarbeid er det manuell dirigering i Svinviktunnelen i dag mellom klokka 09:00 – 15:00. Vent på ledebil heiter det i meldinga frå vegmeldingssentralen. Så skal du køyre gjennom Svinviktunnelen i dette tidsrommet, kan det vere lurt å legge inn litt ekstra tid!
Stavgangarane i Surnadal Pensjonistlag tek torsdag 7. oktober klokka 11:00 turen til Torvik. Pårkering på snuplassen i Torvika. Derifrå går turen utover eit stykke. Svein Tjelle i Stavganggruppa oppfordrer folk til å ta med seg stolar.
Surnadal Pensjonistlag inviterer til trivselkveld på Thon Hotel Surnadal onsdag 20. oktober klokka 19:00. Det blir varmrett og dessert i restauranten, før dei flyttar seg til Gladlaksen for kaffe. Trond Larsens trio spelar til dans. Pris kr 250,- pr. person for medlemmer, og kroner 350,- pr. person for ikkje medlemmer.