Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mesta reparerte nokre av hola i asfalten

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. februar 2022

Mange har den siste tida sett at vegen innover stranda og rundt Todalen har mange, og tildels store og djuke, hol i asfalten. Dette er hol som i somme tilfelle har ført til skadar på både dekk og felgar. I dag kom ein representant frå Mesta med asfalt for å fylle i dei verste hola midlertidig.

Så vidt vi har fått informasjon om, så skal det i løpet av sommaren/hausten leggast ny asfalt frå Svinviktunnelen og opp til Hallagrenda, noko ein trygt kan seie er på høg tid. Så dagens arbeid kan sjåast på som enkel «brannslokking» med kortvarig effekt. 

Går med litt asfalt for å fylle i dei mange hola i asfalten. Foto: Jon Olav Ørsal

Mesta brukar kald asfalt for å reparere hola. Dette fordi det har vist seg at når dei brukar varm asfalt, så går asfalten rundt det reparerte holet i oppløysing, noko som fører til enda fleire hol og skadar på vegbanen. Asfalten som blir fylt i har også ein tendens til å forsvinne ganske raskt, så Mesta sin representant var klar på, at dette berre var ei midlertidig løysing, fram til ny asfalt blir lagt. 

Men som sagt, det er planer om å legge ny asfalt i løpet av året, så da er det håp om at vegstandarden blir mykje betre på litt sikt om ikkje anna. Inntil da må ein vere observang når ein køyrer inn stranda og rundt bygda, slik at ein unngår skadar og farlege trafikksituasjonar. 

Asfalten Mesta hadde med seg fekk «føtter å gå på»! Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. februar 2022, 16:07