Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Redusert hastigheit gjennom Svinviktunnelen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. februar 2022

Vi har fått eit tips om at det foregår arbeid i Svinviktunnelen som medfører saktekøyring og muligens venting for å få passere. Vi har, som vanleg, ikkje fått melding frå Statens vegvesen eller Mesta om at det skal foregå arbeid i tunnelen i dag, så kva type arbeid det dreier seg om eller varigheit, er vi ikkje sikre på. Men det kan i alle fall vere lurt å rekne med lengre køyretid, dersom ein skal nå ei ferge eller ein timeavtale. 

Vår tipsar skulle nå ein tannlegetime, men var ute i god tid, og nådde timen sin akkurat! 

Publisert: 24. februar 2022, 10:21