Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka inviterer til «SOLDAG»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. februar 2022
I samband med at Svorka lanserer solcellepanel frå Hvacs, inviterer dei, i samarbeid med Hvacs til «SOLDAG» i Svorkabygget på Skei onsdag 2. mars. Klokka 12:00 – 14:00 er det lunsjmøte med «Alt om solcellepanel» for private, landbruk og næring. Påmelding til lunsjmøtet på «svorka.no/sol. Påmeldingsfrist er den 27. februar. Frå klokka 14:00 – 16:00 er det «ope hus» for alle som vil ha meir informasjon om solcellepanel gjennom Svorka. 

Så går du med planer om å skifte tak i nær framtid, bygge nytt hus eller ønsker informasjon om ei lønnsom energikjelde, så vil eit besøk hos Svorka vere ein god ide denne dagen. Ekspertar frå Svorka sin solcellepanelleverandør Hvacs vil vere til stades for å svare på spørsmål. Også SpareBank 1 Nordmøre vil vere tilstades for å orientere om si grøne finansiering av solcellepanel. 

Det blir servert kaffe og solbollar!
 
«Følg Svorka på Facebook»
 

Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 24. februar 2022, 15:01