Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nødvendige tiltak grunna korona-smitte i Heimetenesta

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. februar 2022
Fleire tilbod i Heimetenesta blir no stengde eller reduserte i to veker framover. Dette skuldast mykje koronasmitte hos dei tilsette i heimetenesta, og som i sin tur fører til sjukefråvær. Dette får vi opplyst frå heimetenesta i Surnadal kommune no i ettermiddag. 
I meldinga frå kommunen heiter det: – Heimetenesta har no høgt og aukande sjukefråvær grunna smitte hos tilsette og/eller barn av tilsette. Fleire får symptom og blir sjuke, noko som medfører fråvær utover dei anbefalte 4 dagane i isolasjon. Vi har også fleire pasientar med påvist smitte som no krev meir fagleg oppfølging, sjølv om ingen så langt er alvorleg sjuke. – Førre veke ringte vi til alle som hadde eit trenings-/rehabiliteringstilbod hos heimetenesta, om at det vart 14 dagar utan dette tilbodet. Dette må vi oppretthalde, og kanskje utvide med ei veke. I tillegg må vi redusere i fleire tilbod dei neste par vekene inntil vi har nok folk på jobb igjen.

Følgande tilbod blir stengde eller reduserte dei neste 14. dagane:

  • Stenger Dagtilbod for eldre frå og med i morgon, onsdag 23. februar. Dette omfattar ikkje dagtilbod for demente (Inn på tunet).
  • Reduserer tilbod om samtalar/oppfølging frå demensteam og kreftkoordinator. Ein vil prøve å ta dei mest nødvendige oppfølgingane i rolege periodar (etter lunsj).
  • Gir ikkje tilbod om heimehjelp/praktisk bistand frå og med i morgon, onsdag 23.02. Dette omfattar ikkje personleg assistanse. Der vil ein framleis utføre tenesta.
  • Tiltak gjennom heimesjukepleia vil kunne bli noko redusert. For eksempel kan det hende ein ikkje gjennomfører alle planlagde dusjingar eller andre tiltak som kan reduserast noko i dei neste vekene, utan at dette medfører fare for helsemessige konsekvensar. Endringar vil bli kommunisert direkte til den enkelte pasient.

– Vi gjer ei ny kapasitetsvurdering tysdag 8. mars. Vi håpar da at vi heilt eller delvis kan opne tenestene igjen. Vi ser uansett ikkje for oss ein langvarig reduksjon i tilbodet.

– Vi vil følgje anbefalte smittevernråd for i størst mogleg grad å unngå at vi tek med smitte til våre pasientar. I samråd med kommuneoverlege sett vi inn særlege tiltak rundt dei som ikkje er vaksinerte eller har større risiko for alvorleg sjukdom i vekene framover.

– Vi håpar at dette i det vesentlege ikkje vil ramme pasientar eller pårørande i stor grad og ser fram til å kunne tilby tenester på vanleg vis etter at desse to vekene er over.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 22. februar 2022, 15:35