Fjellgruppa startar haustsesongen med rundtur i Bæverdalen
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag startar haustsesongen med rundtur i Bæverdalen tysdag 9. august. Turen går opp frå Saga til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra, og ned att til Saga
Vi fann 3675 artiklar i dette arkivet.
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag startar haustsesongen med rundtur i Bæverdalen tysdag 9. august. Turen går opp frå Saga til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra, og ned att til Saga
Veke 31 står i kunstens teikn i Surnadal. Da står kunsten nemleg i sentrum i Surnadal. I tillegg til lokale kunstnarar, så kjem desse kunstnarane til Surnadal; Jeremy Welsh, Anne Karin Furnunes, Hilde Tørdal, Bård Tørdal, Tine Aamodt, Ingunn Brevold, Anna Carin Hedberg, Ebba Moi, Annika Simonsson, Lars Erik Svensson, Cecilie Nissen og Alexander Rishaug.
Onsdag 27. juli startar Stangvikfestivalen 2022. Da er det nemleg utandørskonsert på Hagaberget i Bøfjorden klokka 19:00. Konserten har dei kalla «Fjordblikk». Torsdag fotsett festivalen med «Operapub i Todalen frå klokka 18:00 og pub i Bondehuset frå klokka 22:00.
I slutten av mai kom det ei gladmelding frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, om at dei hadde løyvd 20.000 kroner til kjøp av to varmepumper i Todalen ungdomshus. Varmepumpene vart montert i slutten av juni, og den totale kostnaden for prosjektet vart på litt over 50.000 kroner.
Vi har fått tips om at det både på Nordvik og i Todalen er observert Kjempebjørnekjeks. Dette er ein planteartart det ikkje er ønskelig å ha i vår fauna. Folk blir difor oppfordra til å fjerne denne planden før den frør seg. Plantesafta er giftig og kan føre til hudskadar i sollys. Det er difor viktig å bruke hanskar for å beskytte seg sjølv, når ein skal fjerne denne planta.
I ein e-post frå Todalen Idrettslag, kjem dei med ei klar oppfordring vedrørande parkering og ferdsel i samband med alle trimpostane idrettslaget har i den digitale turregistreringa. Tur-appen er utruleg populær, og har noko over 10 000 registreringer per i dag. men idrettslaget ser i nokre høve at poeng kan vere viktigare enn trim, noko som gjer at dei no har gjort nokre tiltak.
Stangvikfestivalen blir arrangert annakvart år, og blir i år arrangert frå onsdag 27. – søndag 31. juli. Torsdag 28. juli frå klokka 18:00 inviterer Stangvikfestivalen til Operapub i Todalen ungdomshus, der publikum får møte nokre av Europas fremste talent innan opera. Her kan nordmørspublikummet få oppleve noko dei elles må til dei største byane for å få oppleve!
Austigarden på Ørsalen fekk besøk av denne kattungen i hagen sin, men hvor hører han hjemme?
Anders Talgø sitt fine bilete av rådyr-tvillingar på spasertur vant velfortjent kåringa av månadens bilete i juni. Kopp med logo vil bli overbragt ved første høve. Frå 1. juli er underteikna ny redaktør for Dagens bilete og eg tek gjerne imot bidrag på e-post til red@todalen.no eller MMS til telefon 452 54 850. Det treng […]
Sommaren er tid for å lese – og ta ferie… Feriestengt. Det er ikkje rom for ferievikarar, så biblioteket i Surnadal vil vere heilt stengt i tida 18.–31. juli. Biblioteket vil ha meirope tilgang, for dei med slik avtale, 1.–7. august.
Regnveret og rett temperatur i Toåa lovar godt for fisket dei komande dagane. I kveld møtte vi på ein fornøgd fiskar på veg heim frå Nedre Skjorahølen, der han fekk på ein laks på fin størrelse.
Finvêret har vist seg i det siste og vi er inne i sommarferiemånaden juli, som betyr at vi skal kåre vinnaren av månadens bilete for juni.