Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laks på kroken i Nedre Skjorahølen i kveld

Stig Husby Tysdag 5. juli 2022

Regnveret og rett temperatur i Toåa lovar godt for fisket dei komande dagane. I kveld møtte vi på ein fornøgd fiskar på veg heim frå Nedre Skjorahølen, der han fekk på ein laks på fin størrelse.

Ole Martin Øyen er ein rutinert fiskar i Toåa, og fortel at den vog inn på 5,45 kilo.

Fin fangst, og no lovar det bra for meir fangst dei komande dagene fortel han.

Det er stor elv men med meir riktig temperatur, så dette lover bra, seier han.

På kveldens runde rundt elva så såg vi lite fiskarar som var ute. Dei hadde kanskje søkt ly for regnveret, men det er det ingen grunn til.

No blir det spennande å sjå kor neste laks bit på i Toåa.

Først publisert: 5. juli 2022, 20:56 - Sist oppdatert: 6. juli 2022, 07:49