Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kunstveka 2022 i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. august 2022

Veke 31 står i kunstens teikn i Surnadal. Da står kunsten nemleg i sentrum i Surnadal. I tillegg til lokale kunstnarar, så kjem desse kunstnarane til Surnadal; Jeremy Welsh, Anne Karin Furnunes, Hilde Tørdal, Bård Tørdal, Tine Aamodt, Ingunn Brevold, Anna Carin Hedberg, Ebba Moi, Annika Simonsson, Lars Erik Svensson, Cecilie Nissen og Alexander Rishaug.

Jon Arne Mogstad, som er frå Surnadal, vil ha utstilling på Surnadal Billag. Denne utstillinga er kalla «E39, mellom kunst og folk», og den er støtta av Norsk Kulturråd.

Jeremy Welsh har hatt ei avgjerande betyding for utviklinga av videokunst i Norge. Han har også stilt ut over heile verda.

Anne Karin Furuset er ei internasjonal «stjerne»,

Cecilie Nissen er både kunstnar og kurator og har gjort ein heit utrolig jobb med å etablere Kristiansand Kunsthall. Men alle utstillarane, inklusive verten sjølv, er framifrå kunstnarar og mange har hatt sentrale verv i norsk kunstnarliv.

Surnadal Billag skal også innvie sin nye «White Cube», eit nytt utstillingsrom i andre etasje.

Nylig avdøde Kåre Henriksson frå Østersund får eiga minneutstilling på Kulturhuset. Denne utstillinga blir opna i Kulturhuset og Finstua ved opninga av Kunstveka, torsdag kveld.

Etter den offisielle opninga blir det høve til å bli med til Kvenna Kunstversted for å besøke Brit Dyrnes. Brit har arbeidd aktivt som keramikar med hovudvekt på keramisk skulptur i over 40 år. Frå 1985 har ho utført 40 offentlige utsmykkingar. Brit er tildelt fleire priser og har hatt fleire styre- og leder-verv. Denne kvelden kan du møte kunstnaren og sjå og høyre henne fortelle om seg og sin kunst.

Fredag kveld er det arrangement i Kallastua der Odd Ingar Skrøvseth, nevøen til Kalla, besøker Kallastua. Odd Ingar har det siste året arbeidd med motiv frå Nordmarka. I tillegg til å få sjå Odd Ingar sin kunst vil vi også få høyre forteljingar frå Nordmarka. Historieforteljarane er: Jon Østbø, Øyvind Holte og Kjell Ulf Lund, Nils Røv tek med munnspelet og vil framføre nokre melodiar.

Laurdag blir det pop-up utstilling i Galleri Elvamelen i Svartvassområdet. Surnadal Kunstforening har regien på denne utstillinga, der dei som ønskjer, det kan melde seg på for å få vist fram kunsten sin, anten det er måleri, foto eller noko anna. Så har du lyst til å delta på denne utandørsutstillinga, så tek du kontakt med surnadal.kunstforening@gmail.com. Om vêret blir for dårleg, så blir utstillinga flytta til Foajeen på kulturhuset.

Laurdag kveld er det Grande finale på Surnadal Billag. Her opnar dørene for ei spektakulær utstilling; «E39, mellom kunst og folk». Her vil alle dei tidligare nemnte kunstnarane vere med. Kunstveka 2022 blir avslutta med pubkveld på Surnadal Billag.

Kunstveka 2022 er eit samarbeidsprosjekt mellom Surnadal Kunstforening, Kvenna Kunstverksted, Kallastua, Surnadal Billag og Sparebank1 Nordmøre.

Program for Kunstveka 2022

Publisert: 1. august 2022, 14:42