Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen ungdomshus oppgradert

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 23. juli 2022

I slutten av mai kom det ei gladmelding frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, om at dei hadde løyvd 20.000 kroner til kjøp av to varmepumper i Todalen ungdomshus. Varmepumpene vart montert i slutten av juni, og den totale kostnaden for prosjektet vart på litt over 50.000 kroner. 

Løyvinga frå  Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank var eit viktig bidrag for å få realisert prosjektet så raskt, seier John Moe, driftsleiar i Todalen ungdomshus. Med dei straumprisane som har vore, spesielt den siste vinteren, er det viktig å tenke alternativt for oppvarmingskjelder i såpass store bygg som ungdomshuset. Varmepumpene vil bidra til at det alltid er lunt og tørt i kjellaren og på kjøkkenet i ungdomhuset, noko som er viktig med tanke på å unngå at vatnet frys og eventuelle skadar av dette. 

Den andre varmepumpa er montert på kjøkkenet. Foto: B G Ansnes

Dei to varmepumpene er montert i kjellaren og på kjøkkenet. Dette vil bidra til å redusere straumforbruket til oppvarming i ungdomhuset, og dermed redusere idrettslaget sine strautgifter. 

Todalen Idrettslag sett stor pris på løyvinga frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebankseier Elinor Bolme, leiar i Todalen Idrettslag. Slike gåver er heilt avgjerande for å få realisert slike prosjekt, så vi er særs takknemlege for denne gåva, avsuttar ho. 

Publisert: 23. juli 2022, 08:32