Kom med lopper til Todalsdagen
Loppemarknaden under Todalsdagen begynner å bli ein skikkeleg tradisjon, og har skaffa mykje inntekt til Todalen I.L. Det er Fotballgruppa og Trimgruppa som deler inntekta frå loppemarknaden som årleg kjem på rund 20.000 kroner. No er det igjen tid for å rydde i kjellar og på loft for å finne fram høvelege lopper som kan seljast under Todalsdagen.