Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Program for Todalsdagen 2018

Jon Olav Ørsal Fredag 29. juni 2018

Vi har publisert mykje om det som skal skje på Todalsdagen 2018 – du har kunna lese om det her på Todalen.no, men også i andre media.  No når alle brikkar er komne på plass, kan vi presentere detaljprogrammet for dagen og seie at slik blir det.  Alt kl 9.00 er mannskapet på plass og 9.30 går dei første fotballkampane av stabelen.  Programmet som er laga er lokalt delt ut i postkassane, men i tillegg finn du ein digital versjon her på Todalen.no, som du også kan bla i og finne oppdatert info.

Det er berre å klikke på linken og opne det digitale programheftet for Todalsdagen 2018, så kan du bla deg gjennom det digitale dokumentet. Da lønner det seg å velge fullskjermmodus så blir det greit å bla i. 

Det siste oppdaterte kampoppsettet finner du her.  Det er mange involverte deltakarar, og vi må fortsatt rekne med at det må gjerast justeringar. Vi skal prøve å halde denne oversikten oppdatert til ei kvar tid, slik at du kan finne ut når du skal i elden.

 

Publisert: 29. juni 2018, 14:57