Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

MOT Surnadal vil nyte godt av Ræta Opp i år

Jon Olav Ørsal Måndag 17. juni 2019

Laurdag 29. juni er Ræta Opp ein del av Todalsdagen 2019.  Ræta opp er kjent for å ha ein sosial profil, der startkontingenten går til ei god sak eller eit samfunnsnyttig prosjekt.  I år er det Mot Surnadal som får nyte godt av Ræta Opp-løparane sitt bidrag, og vi håper at ekstra mange vil bli med på løpet i år. Fagerli-Brothers kjem ikkje og blir med i år, men dei helsar til Todalsdagen og til Ræta Opp, fortel Ingvild Kårvatn og Knut Bergli i Todalsdagen.

Ei helsing frå Fagerli-Brothers til Todalen IL og RætaOpp 2019 kan du sjå og høyre her!  Brødrene Erlend og Brynjar Fagerli frå Orkdal er begge mellom verdas absolutt beste i triksing med ball. Dei har vore ranka samtidig som nummer ein og nummer tre i verda i freestyle-triksing med ball. Erlend tok VM-gull så seint som hausten 2018. Dei har dessverre ikkje mulegheit til å kome til Todalsdagen 2019, men sender ei helsing og oppfordrar alle til å bli med på årets RætaOpp, – og samtidig støtte MOT Surnadal.  Tek du hansken og blir med? Farten bestemmer du sjølv, nemleg!

Ha du lyst til å sjå meir om Fagerli-Brothers kan du klikke på linken her!

Publisert: 17. juni 2019, 15:01