Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tok langtur for det gode formål

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juni 2018

Kenneth Reiss bestemte seg for å dra til Todalen på Todalsdagen i år.  Kenneth er gründer og foredragshaldar i «Aktiv for epilepsi», og bruker tida si til å dra rundt for å spre sin kunnskap om denne sjukdomen.  Kenneth veit kva han snakkar om, for han er født med epilepsi og har dermed hatt sjukdomen heile livet, men no brukar han altså tida for å hjelpe andre.

Fredag kveld kom han til Todalen saman med familie, kona og ein son i 10-årsalderen er med på turen. Sonen har også epilepsi, så det er nok behov for den kompetansen som Kenneth har opparbeidet og som kona Line også tek del i.

Kenneth Reiss i Aktiv for epilepsi saman med kona Line. Foto: Jon Olav Ørsal

Kenneth fikk for ei tid telefon frå Ingvild Kårvatn om at «Aktiv for epilepsi» var plukka ut til å nyte godt av årets startkontingenten. Da bestemte han seg for å dra de 60 milene frå Horten til Todalen for å bidra med noko tilbake til Todalsdagen.  laurdag kom han med bil og tilhengar med utstyr for å rigge opp stand på Todalsdagen.  Derfra jobba han med informasjon om epilepsi til dei som ønska det på Bordholmen laurdag.

Og det var faktisk mange som ønska meir informasjon om epilepsi.  Epilepsi har ei stor likeheit med mange andre sjukdomar, men som liknar. Og det er for eksempel berre 30% som har diagnosen som har anfall.  I tillegg til å drive som foredragshaldar jobbar han deler av tida på eit sykehus i heimbyen.  I 2,5 år har han drive med dette arbeidet, og han fortalte at Gjensidigestiftelsen har hjelpt til med både bil og tilhengar for å drive dette arbeidet. Så Kenneth konkluderer med at det iallfall er noko av arbeidet han gjer rett.

Bilen som Gjensidigestiftelser har vore med og støtta økonomisk for Aktiv for epilepsi. Foto: Jon Olav Ørsal

Denne gongen er det altså startkontingenten frå Ræta Opp som kjem Kennet Reiss og Aktiv for epilepsi til nytte. Kor stor dette beløpet blir, er ikkje heilt avklara i skrivande stund, da ein del av beløpet er betalt inn via Vipps, men ein slump pengar blir det.

Publisert: 30. juni 2018, 22:17