Magne er klar for Todalsdagen
Magne Hansen har vore «fast inventar» som speaker på Todalsdagen ei årrekkje. Vi kjenner han frå midtbanen med den berømte klokka si, der han heldt kontroll med både start- og sluttider, og resultat.
Vi fann 122 artiklar i dette arkivet.
Magne Hansen har vore «fast inventar» som speaker på Todalsdagen ei årrekkje. Vi kjenner han frå midtbanen med den berømte klokka si, der han heldt kontroll med både start- og sluttider, og resultat.
Todalsdagen er viden kjent for sin eksotiske grillmeny, og søndag ettermiddag var det samla til dugnad for å produsere vårrullar. Og det var ikkje småtteri som var på gang – heile 700 vårrullar skulle i frysaren for dugnadsgjengen kunne ta fri. Eit tusental grillspyd er også i produksjon, og alt dette kjem på bordet laurdag 30. juni, når Todalsdagen 2018 går av stabelen.
Laurdag 30. juni er det Todalsdagen 2018 som står på kalenderen. Det skjer som vanleg på Bordholmen og som vanleg er det fotball som er hovedbudskapet på agendaen denne dagen. Det er fotball for dei alle minste – knøtter, miniputter og lilleputter, som står i fokus denne dagen – og heile dagen.
På Todalsdagen var det full fart med fotball på 5 banar heile dagen – stor stemning var det og det er vanskeleg å skjønne korleis kreften strakk til for alle smårollingane som spela mange kampar i løpte av dagen og likevel hadde krefter til å delta på MiniRæta og til å kjøre trøbil rundt omkring på Bordholmen når dei hadde fri mellom kampane.
Med knappe 86 betalande deltakarar vart det unggut og todaling Erik Kårvatn som vart den sterkaste i det vi no kan kalle tradisjonsløpet Ræta Opp. Erik låg på andreplass fram til siste kneika opp Reita, men «fekk» leiinga etter at leiande Kevin Anders Brusethaug sprang litt feil i traseen og tapte verdifull tid.
Første avspark er gjort – kampen mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (STKU) og Bud vart Todalsdagens første kamp av rundt 60 kampar utover dagen. Det gikk ikkje meir enn rundt 6 minutt ut i kampen før Sander Roaldsøy sørga for cupens første mål for bud. No er det meste i gang – vi var der i 8.30-tida og […]
Bur du i nærområdet så finn du årets «Todalsdagavis» i postkassen din torsdag kveld. I dag var nemleg alt klart til trykking og etterpå har distribusjonsmannskap tråla seg fram til alle postkassar
Da har vi fått tilsendt resultatlista fra sekretariatet med alle tidene fra gårsdagens Ræta opp for dei som kan være interessert i desse. Det var som kjent Håvard Gjeldnes som tok seieren, og satte ny bestetid i løypa med sine 11.18.22.
Johanna Demker tykte det var sporty at publikum stillte opp på utekonsert på Todalshytta laurdag kveld. For sjølv om nordvesten kom med 26 mm nedbør i løpet av eit par timar, klarte ikkje vêret å stoppe konserten som var tillyst på Todalshytta. Rett nok vart konserten ein time forsinka, men konsert vart det.
Arrangørane av årets Todalsdag kan nok ein gong sjå tilbake på ein særdeles vellykka dag på Bordholmen. Her var det naturleg nok fotballen som var i sentrum heile dagen, med 60 kampar fordelt på tre ulike aldersklassar. Likevel var det mykje anna å bedrive tida på underveis medan ein venta på neste kamp. Her var utsalg av bygdebøker, stort loppemarked, kubingo og ikkje minst Ræta Opp med 126 betalande, som resulterte i 16 000 kroner til fordeling mellom dei to prosjekta «Dindag i dag» og «Sjukt sprek».
Håvard Gjeldnes og Henrik Hurdal kjempa heilt til målstreken om å kome først, men Håvard Gjeldnes trekte det lengste strået og sikra seg der med ny løyperekord på 11.18.22, medan Henrik Hurdal fikk offisiell tid på 11.18.56. På tredjeplass kom Geir Atle Røen i mål 13.10.12. I dameklassen var det Berit Mogstad som ikjje heilt uventa var først ute og dermed sikra seg seieren med tida 12.50.56.
På Bordholmen er fotballen forlengst i gang, men Todalsdagen er ikkje berre fotball. oppemarknaden har også opna og Lars Polden er på plass med den nye bygdeboka for Todalen eller rettare sagt Bygdebok for Surnadal bind 1.