Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full rulle på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2016

På Bordholmen er fotballen forlengst i gang, men Todalsdagen er ikkje berre fotball. oppemarknaden har også opna og Lars Polden er på plass med den nye bygdeboka for Todalen eller rettare sagt Bygdebok for Surnadal bind 1.

DSC_1859

Loppemarknaden har mykje rar å by på. Foto: Jon Olav Ørsal

På loppemarknaden har dei myje rar å by på, og den er absolutt  verdet eit besøk. Han kan du kjøpe mykje rart for ein billig penge, og samtidig støttar du Todalen idreettslag som er arrangør.

Den nye bygdeboka er godt motteken, fortel Lars Polden som er leiar i bygdeboknemnda. Det  er alt selt mange bygdebøker etter at den hadde premiere på Laksefestivalen for ei veke sia, men no får du altså kjøpt bygdeboka på Bordholmen i dag. Prisen er kr 700,-.

DSC_1863

Janne Husby og Åsmund K. Longva er på plass for Surnadal Røde Kors. Foto: Jon OLav Ørsal

DSC_1867

Todalen Sanitetsforening på stand – Kari Kvendset og Jorunn Ørsal

DSC_1870

Denne gjengen sørger for den gode maten på Bordholmen. Vi anbefaler å prøve grillspyda dei har – og mykje anna godt. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 2. juli 2016, 11:31