Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen Arkiv

Vi fann 119 artiklar i dette arkivet.


Topp kveldskonsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 28. juni 2015

Konserten med Asle Beck og Yngve Kristiansen vart på mange vis ei flott og verdig avslutning på Todalsdagen 2015. Etter ein dag med stor aktivitet på Bordholmen, – sol frå blå himmel og massevis med folk som kosa seg i sommardagen, var det godt å sette seg ned og slappe av framfor scena på Todalshytta.  Her […]


RætaOpp 2015 – med tanke for andre…

Jon Olav Ørsal Sundag 28. juni 2015

Ræta opp er mosjonsløpet der du konkurrerer mest med deg sjølv.  Det er lite alvor men likevel ein konkurranse der det gjeld å delta og kanskje flytte grenser. men du kan også prøve deg på løyperekorden, som er ei sterk tid – nemleg 11.59.  Årets raskaste var Håvard Gjeldnes som kom i mål på 12.05.6 – […]


KNALL TODALSDAG!!

Elinor Bolme Laurdag 27. juni 2015

Nok ein gong kan Todalen IL sjå tilbake på ein vel gjennomføret todalsdag med ypperlege verforhold til dei mange hundre frammøtte på Bordholmen Stadion. Her var det full fart for knøttespelarar, miniar og lilleguttar på fem banar til ei kvar tid.


– Klare for konsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. juni 2015

Da vi stakk innom Todalshytta i ettermiddag, pågikk øving og finpuss til kveldens konsert. Asle Beck, Yngve Kristiansen og Gunnar Westlie satt i kråa ved inngangen og finpussa på kveldens repertoar, og trioen gledde seg til å starte konserten på bakken framfor Todalshytta i det fine sumarvêret. Konserten på Todalshytta er eit samarbeid med Todalsdagen […]


Dugsnadsinnspurt på Bordholmen….

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juni 2015

Dugnadsgjengen på Bordholmen er komne i innspurtsfasen, og etter kvart blir nok alt klart til Todalsdagen før dei tek kveld. Det er montert telt og plassert ut bord og storgrillen er komen på plass og klargjort for storproduksjon av kotelettar, hamburarar, vårrullar og laksekotelettar. Klargjering av maten var ein anna dugnadsgjeng i arbeid med i Ungdomshuset.


Fotball på 5 banar på laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juni 2015

Fredag ettermiddag var banekomiteen i full gang med merking av fotballbanen på Bordholmen. Laurdag er det cupfotball frå morgon til kveld, og det kjem til å bli aktivitet på 5 banar gjennom heile dagen.


Programmet for Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. juni 2015

Programmet for Todalsdagen er klart – både digitalt og på papir, fortel Knut Bergli i Todalen I.L. Har har jobba for å få på plass kampprogrammet for fotballcupen, men det har vore nokre utfordringar for å få alt på plass. I første utgåva manglar nokre av kampane, men vi kjem til å oppdatere etter kvart […]


Har du lopper til loppemarknaden?

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juni 2015

Fotballgruppa og Trim/allidrettsgruppa har lang tradisjon med loppemarknad under Todalsdagen, og no er det tid for å rydde litt i garasjen, på loftet eller på andre plassar – kanskje du har saker og ting som du kan gi bort til oss som lopper, lurar Borghild Talgø i Todalen idrettsalg. Alt er av interesse, men må […]


Effektiv dugnadsgjeng

Elinor Bolme Tysdag 23. juni 2015

Ved første augekast var det ikkje imponerande oppmøte på idrettslagets dugnad for å klargjere Bordholmen til Todalsdagen i kveld. Men etter kvart dukka det opp karar kring hus og tribuner med både river, kantryddarar, skruvjarn, vaskarbøtter og slegger. Alt av gras var slått, både på og utanfor banen, og det meste frakta bort.


Laurdag kveld er Todalshytta treffpunktet!

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. juni 2015

Laurdag kveld er det klart for gjenyn med musikaren Asle Beck. Da kjem Asle til Todalshytta for å halde konsert saman med musikaren Yngve Kristiansen. Konserten er eit samarbeid med Todalsdagen og Todalshytta , og det også høve til å smake på grillmaten og andre godsaker før konserten – dørene opnar kl 19.


Tysdag: Dugnad på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 21. juni 2015

Tysdag kveld kl 18:00 samlast vi på Bordholmen og pyntar opp anlegget til Todalsdagen. Ta med høveleg utstyr som kankløppar, rive etc. slik at vi får unna både slåttaarbeid og rydding elles, melder Gudmund Kvendset i banekomiteen.


Planlegg ny konsert under Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Sundag 21. juni 2015

Konserten på Gammelfabrikken ga meirsmak for Eric Malling og Knut Bergli. No planlegg dei ny konsert under Todalsdagen 27. juni – eit samarbeid mellom Todalshytta og Todalen Idrettslag. Denne gongen kan dei by på konsert med Asle Beck og Yngve Kristiansen – utekonsert på den nye scena framfor Todalshytta.