Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innspurt på dugnadsarbeidet – klart for Todalsdagen 2018

Jon Olav Ørsal Fredag 29. juni 2018

I kveld var ein dugnadsgjeng i arbeid med klargjering av Bordholmen til Todalsdagen som arrangerast i morgon, laurdag 30. juni. Leiar i Todalen I.L., Nils Ove Bruset, er imponert over den store dugnadsinnsatsen som har vore lagt ned den siste tida. Men no er alt klappet og klart og kl 9.00 i morgon startar arrangementet, og da går det i eitt fram til klokka nærmar seg 17 før siste finalen er unnagjort.

Mange frivillige er det også laurdag. Berre fotballcupen legg beslag på nærare 25 funksjonærar, og i tillegg er det mange som driv med matservering, loppemarknad, kiosksal og mykje anna. Over 50 er på vakt i løpet av morgondagen, trur Bruset.

Nedafor har vi har laga eit bildegalleri frå kveldens dugnadsaktivitet på Bordholmen.  Alle bilde: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. juni 2018, 20:27