Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd Arkiv

Vi fann 437 artiklar i dette arkivet.


Kyrkjeklokkene ringer torsdag 22.juli

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. juli 2021

I morgon er det ti år sidan angrepet på Regjeringskvartalet og på Utøya, der til saman 77 menneske vart drepne. I samband med tiårsmarkeringa av denne dystre hendinga 22.juli 2011, vil alle kyrkjeklokkene, over heile landet, ringe i fem minutt, frå klokka 12:00 – 12:05 torsdag 22.juli. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 18.juli

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. juli 2021

Søndag 18.juli klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg denne søndagen er Leif Endre Grutle medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til kyrkjemusikalsk arbeid. Takkofferet kan, i tillegg til kontantar i kyrkje, vippsast til vipps 506908


Velstelt kyrkjegard

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. juli 2021

I dag var Ragnar Halle og Eivind Grønmyr i full gang med å slå graset på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, er glad for at dei to karane, på frivillig basis, har teke på seg å slå graset på kyrkjegarden. Det gjer at vi, til ei kvar tid, har ein velstelt og presentabel kyrkjegard, seier Kristian. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 27.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juni 2021

Søndag 27.juni inviterer Todalen sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje klokka 11:00. Liturg er Leif Endre Grutle, medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til Kirkens SOS. Vipps: 506908. 


Nystussa kyrkjegard med dugnadsinnsats

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. juni 2021

Torsdag kveld var det «kløppardugnad» på kyrkjegarden i Todalen.  Heile kyrkjegarden vart pussa opp – først med traktorkløppar og så finpuss rundt gravstøttene, kyrkjegardsmuren og blomsterbeda.


Vårsongkveld i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. juni 2021

I går kveld var det vårsongkveld i Todalen kyrkje. Når sant skal seiast, så har vi akkurat gått inn i sommarmånadane, både på kalenderen og temperaturmessig, men namnet skjemmer som kjent ingen, og det vart ein fin songkveld med både allsong og solonummer! Eit lite trettital hadde «trossa» finvèret og teke turen til kyrkja, noko dei ikkje angra på. 


«Slåttedugnad» på kyrkjegarden torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. juni 2021

Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, informerer om at det blir «slåttedugnad» på Todalen kyrkjegard torsdag 3.juni klokka 18:00. Det må slåast gras mellom greftene og langs med murane, der  «slåttakarane» ikkje kjem til med graskløpparen når dei slår kyrkjegarden. Så han oppfordrar difor til at folk tek med seg kantkløppar på dugnaden. 


Vårsong i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. juni 2021

No er det lenge sidan det har vore arrangert konsertar og andre arrangement i Todalen kyrkje. Men onsdag 2. juni klokka 19.00 gjer Todalen sokneråd noko med dette og inviterer til songkveld. 


17.maigudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. mai 2021

17.mai var det, tradisjon tru, 17.maigudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske var hyra inn som prest, medan Ronny Kjøsen trakterte orgel og trekkspel. Rundt tretti personar hadde møtt fram, så det var ikkje noko problem å handheve smittevernreglane. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, ønskte kyrkjelyden velkomne til 17.maigudsteneste.  


Program 17.mai i Todalen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. mai 2021

Da er 17.mai programmet for Todalen 2021 klappa og klart. På grunn av gjeldande smittevernreglar blir feiringa i år òg tilpassa dette. Tradisjon tru blir det biltog og gudsteneste. Feiringa tek til med flaggheising og song på Matkroken klokka 11:00. Umiddelbart etter flaggheisinga startar biltoget. 17.mai-komiteen oppfordrer alle til å møte i god tid før flaggheisinga. 17.mai-komiteen vil vere tilstades og dirigere trafikken og organisere biltoget.  


Vatningsutstyret er framsett på kyrkjegarden

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. mai 2021

Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldens, kan fortelje at vasskannene for å vatne på greftene på kyrkjegarden no er framsett. Alt anna hageutstyr som soknerådet eig, kan førebels ikkje nyttast på grunn av gjeldande smittevernreglar. Så slikt utstyr må ein difor ta med seg sjølv. 


Mykje folk på kyrkjegardsdugnad

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. mai 2021

I kveld var det dugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Over 50 hadde møtt opp, så dugnaden vart unnagjort på ein stor time. Kyrkjegarden vart raka, kyrkja vaska utvendig og somme gravsteinar, som hadde blitt skeive på grunn av tælen gjennom vinteren, vart retta opp att.