Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kyrkjedag i Todalen: Grøda og arbeidsfolka

Kyrkjedag i Todalen: Grøda og arbeidsfolka Bernt Bøe Måndag 4. juli 2022

Å koma til Todalen kyrkje er ei fin oppleving. Den opne kyrkjeporten attmed allmannavegen er som ein invitasjon – inn til eit velstelt uteområde og ei vakker kyrkje, både utanpå og inni.  Dette tiltalande er for ein stor del resultat av dugnadsinnsats. Kanskje meir enn bygder flest viser Todalen såleis eit respektfullt eigarforhold til kyrkja si. Kyrkjegarden er uvanleg velstelt. Kyrkjebygget virkar alltid nymåla og pent inne som ute.

«Grøda og arbeidsfolka»
Søndag var det gudsteneste. Rett nok kunne besøket vore betre, men songen og deltakinga elles var god og preika både engasjert og engasjerande. Prestevikar Einy Rendal Elgsæther aktualiserte Matteus-teksten som synte Jesu ord: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.» Heilt konkret kunne dette vore knytt til dagens mangel på prestar og andre i Den norske kyrkja – ikkje minst lokalt: Grunna ledige stillingar, ferie og permisjonar fungerte fire pensjonistar i Todalskyrkja denne søndagen. Forutan prestevikar Einy var det Kristian Settem som kyrkjetenar, Randi Bøe som klokkar og Bernt Bøe som organist.

Einy Rendal Elgsæther har både tidlegare og som pensjonist vore ein habil prestevikar i kyrkjene på Nordmøre. Her saman med ektemannen Svein Volle etter søndagens gudsteneste i Todalen. Velstelt kyrkjegard i bakgrunnen! (Foto Bernt Bøe)

Omsorgsforholdet
Men preika fokuserte ikkje på lokale tilfeldigheter. Derimot tolka predikanten dagens tekster og Jesu-orda i vidare perspektiv: – Heilskapen i tekstene gjeld omsorgsforholdet mellom Gud og menneske, som foreldre og barn, bibelsk som «hyrding og buskap». Sentralt framheva Einy vår rolle som «arbeidarar» i den kristne kvardagen – at Jesu bodskap stadig må førast vidare til dei som ikkje har høyrt den eller gripe den. Og det er vår oppgåve: – Jesus sender ikkje englar til å gjera jobben, sa ho. – Han er avhengig av oss til å invitere til fellesskapet om Guds ord!

Kvardagen og media
Predikanten knytte kvardagsforhold til temaet. Tendensar til avkristning pregar dagens samfunnsbilete, sa ho og nemnte som døme den kristne festivalen ved Oslo som nyleg samla innpå 10 000 ungdommar, så å seie utan å bli nemnt i media. Einy, som sjølv er forfattar og har lang fartstid som misjonær, gav mange positive døme på både blomstrande menighetsliv og vanskelege tider i våre misjonsland.

Kirkens SOS
Elles i gudstenesta var det takkoffer til Kirkens SOS. – Dette er landets største døgnopne kriseteneste, som via telefon og internett tilbyr samtalar og hjelp til menneske som ønskjer kontakt om livsspørsmål, sa klokkar Randi Bøe. – I tillegg til 40-50 tilsette har Kirkens SOS bortimot tusen frivillige medarbeidarar.  Gudstenesta vart avslutta med nattverdfellesskap.
På kyrkjebakken etterpå heldt fellesskapet fram, som i «gamle dagar». Mange nytta da høvet til å takke Einy for ei grundig og tankevekkjande preike.

Publisert: 4. juli 2022, 08:00