Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 891 artiklar i dette arkivet.


Koseleg førjulsstund

Koseleg førjulsstund

Elinor Bolme Måndag 6. desember 2010

Sanitetshuset vart bortimot fullt i går då det var invitert til Førjulskos med utdeling av Barnas lykkeskilling attåt. Med stort og smått var det nærare 60 stykk som kom på arrangementet.

Les heile saka

Førjulskos med nissegraut.

Førjulskos med nissegraut.

Elinor Bolme Fredag 3. desember 2010

Søndag inviterer Todalen Sanitetsforening alle som har lyst til førjulstreff i Sanitetshuset. Dette er ein årleg tradisjon, der dei ungane som er fødde det inneværande år er spesielt inviterte for å få ein liten gave. I år har saniteten fornya seg litt, og arrangerer eit lite juleverksted attåt. Her vil det bli både klipping, liming og teikning, i tillegg til servering av nissegraut.

Les heile saka

Julepakkepakking

Julepakkepakking

Elinor Bolme Torsdag 4. november 2010

Onsdag kveld var det ein liten dugnad på julepakkepakking i Sanitetshuset. Todalen Sanitetsforening vil i år sende 4 store sekkar med julepakkar til Estland når Estlandsforeninga reiser nedover på sin årlege førjulstur. Saniteten har som kjendt no i fleire år samla inn kleder og anna høveleg utstyr til denne foreninga med lokal forankring i Rindal.

Les heile saka

Besøk også hos Saniteten

Besøk også hos Saniteten

Elinor Bolme Onsdag 3. november 2010

I går kveld var det Todalen Sanitetsforening sin tur til å få besøk av ambulansepersonell og brannvesen i anledning innkjøpet av hjartestartaren som er innkjøpt til Todalen. Arnt Ivar Brøndbo og Ingeborg Myrvang tok ein gjennomgang av korleis utstyret funger. Dette var ikkje eit kurs i opplæring og bruk av hjartestartaren, men ei orientering av korleis utstyret fungerer.

Les heile saka

Storbasar, no og med resultatlister.

Storbasar, no og med resultatlister.

Elinor Bolme Måndag 18. oktober 2010

I går ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening basar i Sanitetshuset. Det må seiast at det var eit veldig godt oppmøte. Så godt at lokala mesta til tider var for små. Men som nestleiar Maren Ansnes sa til slutt; dei innkomne pengane vil ikkje bli innvestert i utbygging for det. Dei kjem i staden att til bygda i ulike samanhengar, og naturleg nok vedlikehald og drift av Sanitetshuset

Les heile saka

Mange sprekingar

Elinor Bolme Onsdag 29. september 2010

Tirsdag ettermiddag var det duka for Sanitetens årlege Løftatur. Mange deltakarar i alle aldersgrupper stilte opp for å gå runden oppå Løfta og nedatt til Sanitetshuset. Årleg vert det over heile landet arrangert Sanitetens veke med ulike tema. Tema i år var fysisk aktivitet og ernæring.


Løftatur på tirsdag, i sanitetens veke.

Løftatur på tirsdag, i sanitetens veke.

Elinor Bolme Laurdag 25. september 2010

Neste veke arrangeres sanitetens veke rundt om heile landet. Også her i Todalen vil dette behørig bli markert. I år er temaet fysisk aktivitet og ernæring i eit forebyggande perspektiv som står i fokus. Difor har Todalen Sanitetsforening i år utvida den årlege Løfta turen litt.

Les heile saka

Omsorgsberedskap i fokus.

Omsorgsberedskap i fokus.

Elinor Bolme Fredag 17. september 2010

Tirsdag kveld arrangerer Todalen Sanitetsforening omsorgsberedskapsmøte i Kommunestyresalen på Skei. Dette er eit møte for å fa fleire lag og organisasjonar til å oppretta omsorgsberedskapsavtaler med sin eigen kommune.

Todalen sanitetsforeining gjekk inn i eit slikt samarbeid med Surnadal kommune på januar i år, og i Rindal har dei samarbeidd enda lengre. Der har dei og ved fleire anledningar vore i aksjon dei siste åra.

Les heile saka

Medlemsmøte i Saniteten

Medlemsmøte i Saniteten

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. august 2010

Tysdag 7. september startar Todalen Sanitetsforening på igjen med medlemsmøte. Det skjer i Sanitetshuset og startar kl 19.30, og dei ønskjer både nye og gamle medlemar velkomne. Foreninga har fått mange nye medlemar dei siste åra, men det er plass til enda fleire, seier sekretær May Elisabeth Holten til Todalen.no

Les heile saka

Saniteten i gang med fotpleie

Saniteten i gang med fotpleie

Jon Olav Ørsal Fredag 20. august 2010

Saniteten har starta på med fotpleie igjen. Første runde er torsdag 9., fredag 10. og måndag 13. september Det foregår som vanleg i Sanitetshuset på Kvennset. Påmelding til Marit Sanden Søyset, tlf. 71 66 39 28 / 98 03 63 91.


Hjertine på plass

Hjertine på plass

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juli 2010

Det er kanskje ikkje alle som kjenner Hjertine, og det er ikkje rart. Det er nemleg den nye hjartestartaren som Todalsen sanitetsforening har kjøpt, og som er plassert på brannstasjonen på Kvennset. Det er den første hjartestartaren som er registrert i Surnadal kommune, utanom Surnadal legekontor. Det er som sagt Todalen sanitetsforening som har teke initiativ til å skaffe hjartestartar, som er ei investering på nær tretti tusen kroner. No er den komen på plass.

Les heile saka

Sanitetsdugnad.

Sanitetsdugnad.

Elinor Bolme Onsdag 9. juni 2010

I går kveld var det dugnad hos Todalen Sanitetsforening i Todalen. Det vart ikkje lege på latsida på noko vis. Busker vart flytta, plen vart opplina med tråd og redskapsboda innreidd.

Les heile saka