Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laber Løftatur

Laber Løftatur

Elinor Bolme Tysdag 13. august 2013

Tirsdag var den årlege Løftaturen arrangert i regi av Saniteten. Dårleg ver og dårleg oppmøte la ikkje nokon dempar for dei få som møtte opp. Dei tok ruta rundt om Myrmo og opp den fine stien til trimboka på Løfta. Derifrå gjekk turen nedatt forbi grustaket, på hovudvegen før dei enda i Myrjarvegen og Sanitetshuset.

Thea Saksen Ulvund og Frøya Solvolla trossa vêret, som egentleg var betre enn det verka.

Også Sigrun Ørsal (nærast) Åse Ville Redalen og Synnøve Talgo var ute på tur.

Etterpå vart det servering av kaffe, kakao,  ferske bakevarer og godt pålegg til kveldsmaten.

Først publisert: 13. august 2013, 07:00 - Sist oppdatert: 18. august 2013, 10:43