Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein kveld verdig Thora Talgø!

Ein kveld verdig Thora Talgø!

Elinor Bolme Fredag 25. oktober 2013

Ein innhaldsrik og særledes triveleg kveld på bortimot 4 timar for dei ivrigaste frammøtte, vart resultatet av samarbeidet mellom Surnadal kommune, Talgø og Todalen Sanitetsforening når dei dro til å arrangere ein hyllningskveld for Thora Talgø og 100 år med almenn stemmerett for kvinner. Skepsisen til dei lokale i arrangørkomiteen med tanke på oppmøte vart på eit tidleg stadium av, ikkje ein realitet da det vart anslege bortimot 200 frammøtte på Gammelfabrikken.

Og her var det mykje historikk samla i eitt program. Kvelden var først og fremst via til famileoverhode, gründer, fabrikkeigar, sanitetskvinne, arbeidsgivar , jernkvinne og vertinne Thora Talgø. Thora Valset, ein av dei mange etterkommarane hennar let oss bli betre kjent med denne sterke kvinna som flytta frå gode kår i Kristiansund til litt mindre kår i Todalen etterkvart. Ho vart desverre i tidleg alder enkje, men valgte å fortsette sitt og mannen Tore sitt livsverk Talgø møbelfabrikk, med dei oppturar og nedturar det medførte tidleg på 1900-talet.

Formannskapet i Surnadal hadde i anledninga dramatisert kampen om allmenn stemmerett for kvinner på samme tidsrom, og dei fleste i salen takka vel i det stille for at verda heldigvis går vidare. I tillegg var fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde invitert til å fortelje om eit langt liv som kvinne i politikken. Noko som slettest ikkje hadde vore nokon dans på roser for den engasjerte kvinna frå Hareid som tidlegare har vore ei av få kvinnelege ordførarar i vårt fylke, frå 1999-2007.

Kulturinnslag var det og naturlegvis; før pausen av koret VOX, og heilt til slutt felespelar Torgeir Leivdal som runda av det heile med slåttar av felespelar Hallvard Ørsal. Tippoldebarna Jorunn og Astrid Talgø hadde i tillegg laga ei lita digital historie som ein bonus, som ikkje var annonsert i programmet.

Her kunne ein ha skrive opp og ned i mente, men vi let heller bilda tale for seg. Dei som møtte får mimre, og dei som ikkje tok turen kan angre! Foto Elinor Bolme og Jon Olav Ørsal.

Publisert: 25. oktober 2013, 00:37