Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
I kveld: Jubilerer for 100 år med stemmerett

I kveld: Jubilerer for 100 år med stemmerett

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. oktober 2013

Torsdag 24. oktober markeres 100-årsjubileet for kvinnenes stemmerett. Markeringa er eit samarbeidsprosjekt mellom Surnadal kommune, Todalen sanitetsforening og Talgø, og det skjer i Todalen på Talgø Utstillingssenter (Gammelfabrikken). Her blir det ei skikkeleg markering av jubileet, med eit allsidig program som startar kl 18.00, med Open kafé fortsetter kl 19.00 med eit innslag der Eivind Hasle fortel om kampen om stemmeretten som foregikk på slutten av 1800-talet, der vi også får knytt til eit rollespel med eit forsterka formannskap som aktørar.

På ein pressekoferanse presenterte gruppa det allsidige programmet skal prege denne jubileumskvelden. Det har nok si naturlege forklaring at Surnadal kommune har valgt Gammelfabrikken for å feire dette jubileet. På programmet står nemleg presentasjon av Thora Talgø, som var ein av dei første kvinnelege industrileiarane i Noreg og som var sanitets-grûndaren som starta Todalen sanitetsforening i 1916. Her er det Tora Valset, som er Thoras barnebarn som vil fortelje kva bestemora rakk å utrette.

Fylkesvaraordørar og venstrepolitikar Gunn Berit Gjerde vil gje oss eit tilbakeblikk som kvinne i politikken, og ledar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes vil orientere om Sanitetsen rolle i Todalen gjennom snart 100 år.

Elles får vi kulturelle innslag med koret VOX, og felespelaren Torgeir Leivdal som vil spele slåttar etter todalsspelmannen Hallvard Ørsal. Det bys og på utlodding med mange fine gevinstar, og salsboder der Viastua gardsprodukt og Sylte gardsslakteri er med. Sjølvsagt blir det og kaffepause og traktering i kjent stil frå Todalen sanitetsforening.

Arrangementskomiteen presiserer at alle er velkomne til å delta på arrangementet på Gammelfabrikken i Todalen, som altså skjer torsdag 24. oktober og dørende opnar altså kl 18.00.

Publisert: 24. oktober 2013, 08:00