Kløvertur til Nordviksetra
Måndag 11. oktober går Kløverturen til Nordviksetra. Turen går stort sett etter fin skogsveg og etter grei stiga den siste biten.
Vi fann 962 artiklar i dette arkivet.
Måndag 11. oktober går Kløverturen til Nordviksetra. Turen går stort sett etter fin skogsveg og etter grei stiga den siste biten.
Søndag 8. oktober er det basar i Sanitetshuset. Det er Todalen sanitetsforening arrangerer sin årlege storbasar, og da er det førehandssalg på Matkroken i fredag og laurdag slik at alle skal få ein sjanse til å støtte med litt loddkjøp.
Todalen sanitetsforening ønskjer alle velkomne til den årlege basaren i Sanitetshuset søndag 8.oktober frå kl. 14. Det blir trekning kl. 17.
Tysdag 3. oktober arrangerte Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening det årlege kurset sitt i førstehjelp og brannvern. Om lag 25 personar møtte opp og fekk ein svært nyttig repetisjon både i brannvern og førstehjelp.
Måndag 2. oktober arrangerte Todalen skule «Skoleløp for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Her var det stor innsats og full fart med deltakarar frå 2 år til 96 år! Det er til å bli imponert av!
Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer tirsdag kl 18 til kurs i bruk av hjartestartar og hjarte-lungeredning. Saniteten har i fleire år hatt samarbeid med ambulansetjenesta om dette gratis tilbudet til alle i Todalen og elles andre interesserte. I tillegg stiller Todalen brannkorps med brannslokkingsutstyr og viser bruken av dette på uteplassen. Her blir det så […]
Siste måndagen i september var det duka for ny Kløverrusletur. Sola skein frå skyfri himmel og det var ikkje ein gong vind på Kvennsetørå – ideelt turver!
Måndag 25. september er det Kløverrusletur. Denne dagen går turen rundt om i Kvennsetøran bustadfelt, eventuelt innover skogsvegen som startar nedanfor Myrmo. Her kan ein rusle rundt både med stavar, rullator eller krykkjer.
Måndag 18. september er det Kløvertur til Hjellnessetra. Turen går etter fin skogsveg i Hjellneseliene, og her kan ein ta ein rundtur eller gå att og fram.
Kløverrusleturen måndag 11. september gjekk frå Matkroken og utover til Småbåthamna. Oppmøtet var godt, det er tydeleg at mange synest det er triveleg å ha turfølgje.
Måndag 11. september blir det ny Kløverrusletur melder turgruppa i Sanitetsforeninga. Denne dagen er turen lagt til Småbåthamna og Sissigrenda. Her kan ein rusle rundt både med rullator, stavar eller krykkjer.
Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 9. september oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. Todalen Sanitetsforening har sin årlege basar den 8. oktober. […]