Siste Kløvertur denne hausten
Måndag 11. november blir det siste Kløverturen denne hausten. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11:00. Denne dagen går turen frå butikken og innover skogsvegen i Kvennsetlia.
Vi fann 942 artiklar i dette arkivet.
Måndag 11. november blir det siste Kløverturen denne hausten. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11:00. Denne dagen går turen frå butikken og innover skogsvegen i Kvennsetlia.
Det vart riktig godt oppmøte på sesongens siste Fredrikkekaffe, blide damer og god stemning. Ei riktig så triveleg stund med handarbeid, kaffe, kaker og livleg prat!
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 9. desember i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening melder at det blir middag for folk i bygda igjen. Middagen blir i Sanitetshuset tysdag 12. november kl. 14.00.
Låg sol og høge fjell gjer at det no blir mindre og mindre sol nede i bygda. Kløverturgjengen la dermed trimturen første måndagen i november til Hjellnes. Solstrålane vart utnytta til fulle; – da kaffepausen var over, gjekk sola ned bak fjella.
Måndag 4. november går Kløverturen til Hjellnes. Oppmøte ved Hals/Matkroken. Samkjøring derifrå kl. 11.00 utpå Kammen. Så blir det tur oppover til Hjellnes og kanskje litt innover skogsvegen. Turen nedatt går om Flata.
Måndag 28. oktober blir det Kløvertur etter Toåa tursti. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11.00. Yr melder litt regn og berre 2 grader, altså lite triveleg ver for pause i gapahuken.
Da er ein del av julestria alt unnagjort, i alle fall for ivrige medlemmar i Sanitetsforeninga. Laurdag under strikkekaffen vart det pakka inn mange fine strikkaprodukt til både barn og vaksne i Estland. Her var det fine ullgenserar, lestar og vottar. I tillegg var det levert inn mange ferdigpakka gåver, og ein kunne sjå på presanglappane at her var det pakkar både til familiar, barn, ungdommar og eldre. Og gåvene skal kome til Estland alt neste veke, altså i god tid før julekvelden.
Sanitetsforeninga arrangerer strikkekaffe i Todalen sanitetshus laurdag 19. oktober i tidsrommet frå kl. 13:00 til 16:00. Under strikkekaffen tek Sanitetsforeninga også i mot julegåver til Estland. Julegåvene må vera innpakka og merka med alder og kjønn til ønska mottakar.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 28. oktober og tysdag 29. oktober. Det er mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]
Sol frå skyfri himmel og vindstille – ein topp dag for Rusletur og Kløvertur på Kvennsetørå. Etterpå var det lunsj i Sanitetshuset, mykje folk og god stemning rundt borda.
Heilt sidan 2010 har Todalen sanitetsforening sendt julegåver til Estland. Dette er eit samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg, og dei dreg til Estland med julegåver 22. oktober.