Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur- blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. mars 2020

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 2. mars. Oppmøte ved Matkroken Todalen og turstart derifrå kl. 11:00.

Tur  etter  skogsvegen i Øyalia

Skogsvegen i Øyalia er prøvegått søndag; fint å gå der no. Vegen er snødekt, men ikkje glatt i dag. Sjølvsagt er det lurt med piggsko eller broddar og eventuelt stavar. Det ser ut til å bli bra ver, så da kan det bli ein liten pause ved boka og benken oppe i skogsvegen.

Alternativ rute

Det er glatte parti på allmannvegen i bygda og, men etter vegen på nordsida er det greitt å gå. Så det kan vere eit alternativ om Øyalia ikkje freistar. Det viktigaste er å kome seg ut på tur.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

VEL MØTT!

Fint i Øyalia. Foto: Dordi J H

Publisert: 1. mars 2020, 16:05