Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stas med Fredrikkekffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. mars 2020

Da Kvinnehelsedagen til Sanitetskvinnene vart avlyst, og det ikkje vart noko å vise på storskjerm i Ungdomshuset, vart det i staden strikkekaffe. Her var det godt oppmøte, og det vart som vanleg ein triveleg laurdagsettermiddag i Sanitetshuset.

Flittige hender! På biletet kan ein sjå: Jenny, May-Elisabeth, Dordi, Randi, Liv, Jenny Kari. Foto: Dordi J H

 Det er mykje å prate om når ein treffest slik; sjølvsagt strikkeoppskrifter og ulike handarbeidsteknikkar. Men også om andre saker som den siste utviklinga på ulike sportsarenaer som Holmenkollen og Nove Mesto, om kva barn og barnebarn gjer på og kor dei held til i verda, og litt om gamle dagar da vi var yngre og gjekk på skulen! Somme mintest alt dei lærte i handarbeidstimane på framhaldsskulen der Gunnhild Ansnes var lærar. 

Svær servering! Frå venstre og rundt bordet: Jorunn, Liv, Ingeborg, Sigrun og May-Elisabeth. Foto: Dordi J H

Det vart servert rundstykke med godt påleggg, frukt og grønt og god kaffe; sunt og godt! 

Til slutt vart det utlodding, fine gevinstar og litt spenning knytta til vinnarlykka. 

Arndis og Åse var vertinner, og dei kunne fortelje at neste Fredrikkekaffe blir om 14 dagar; laurdag 21.mars.

Fleire bilete:

Jenny Kari, Eli Marie og May-Elisabeth finn seg noko å bite i. Foto:Dordi J H

Det fine åkleet er årets hovudgevinst i Sanitetsforeninga. Det er laga av Bjørnhild Fiske og er gevinst i kunstslotteriet. Dei andre gevinstane vart trekte i dag. Foto: Dordi J H

Handarbeid, kaffelag og prat – kjekt! Foto: Dordi J H

Publisert: 7. mars 2020, 20:43