Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

AVLYST! Kvinnehelsedagen 2020 blir vist på storskjerm i Todalen ungdomshus

Dordi Jorunn Halle Fredag 6. mars 2020

Laurdag 7. mars arrangerer Norske Kvinners Sanitetsforening «Kvinnehelsedagen 2020» med  dyktige og aktuelle forelesarar og innimellom underhaldninga! Dette skjer i Oslo, men blir vist på storskjerm i Todalen ungdomshus. Overføringa startar kl 11:00. Her er alle velkomne til fagleg påfyll og inspirasjon!

 Det er lurt å møte opp i Ungdomshuset kl. 10.45. 

Sjå meir om opplegget i Ungdomshuset her: 

7. mars blir dørene på Oslo Kongressenter opna for å ønskja alle velkomne til Kvinnehelsedagen for tiande gong. Kjende og spanande namn står på plakaten. Dette er ein dag du ikkje vil gå glipp av.

Det er i år 25 år sidan Beijingplattforma, og i det høve ønskjer vi i programmet å løfta fram fire av områda i «Bejing-erklæringa», blant anna kvinner og helse og kvinner og media. Frå regjeringa kjem Tina Bru og ønskjer velkomen. TV 2-legen, Kaveh Rashidi, som kan fortelja noko om kvifor folk flest er friske nok.

Er du mann og sjef er du suksessfull, medan kvinnelege sjefar er sjefete. Isabelle Ringnes har starta fleire bedrifter og er ein av gründerane bak likestillingsorganisasjonen #Hunspanderer. Kva slags spørsmål har ho opplevd å få når ho er i media? Wencke Mühleisen er forskar og forfattar og tek for seg kvinna sin «rabalderalder».

Skulle du gjerne hatt meir ut av kvar krone, så har Siw Sleivigen eit par tips i ermet. Anita Krohn Traaseth er ein leiar som mange har meningar om, og ho kjem og deler erfaringane sine som toppleiar, saman med «gutta». Og så er det duka for eit forrykande show på scena når Silya kjem. …. Og kanskje kjem gardemusikken ….?

Kom til til Todalen ungdomshus laurdag 7. mars, ta gjerne med ei veninne/ven. Arrangementet er ope for alle. Sjølve strømminga vil gå føre seg på stort lerret (direktesendt på Youtube og det blir også kopla opp mot Facebook), startar kl.11.00, så det løner seg å vera der minst eit kvarter før! Strømminga varer til 15:15, men du kan koma og gå når du vil.

Har du lyst på ein enkel lunsj, kostar det kr 50 (vi treng ikkje påmelding til maten).

Frukt, kaffe, te og vatn blir ståande framme heile tida. Loddsal.

Fredrikkekaffeen (strikkekaffeen) er flytta til Ungdomshuset denne dagen.

VELKOMEN!

Publisert: 6. mars 2020, 14:00