Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin tur langs fjorden

Dordi Jorunn Halle Tysdag 10. mars 2020

Dagens Kløvertur starta frå Todalsøra og gjekk utover langs fjorden til Ansneset. Dette er eit fint og idyllisk område, og her er det fredeleg å gå tur; lite trafikk.

Ved Sjøheim. Foto: Dordi J H

Heile 15 personar var med på turen, altså godt oppmøte! Plana var å ha kaffepause på Ansnessaga, men det var sur og kald vind, så «redninga» vart kaffekroken på Hals i dag, og! Kjekt å ha ein slik fin plass der bygdefolk kan samlast!

Ny Kløvertur neste måndag, blir du med?

Fleire bilete frå ein god tur:

Turfølget ved Ansnessaga. Frå venstre: Sigrun, Helen, Dordi F, Anne Helene, Marit, Jorunn H, Synnøve, May-Elisabeth, Jorunn Ø, Dordi V H, Nils, Arndis, Helga, Liv. Foto :Dordi J H

Ved Ansneset og innover fjorden. Foto: Dordi J H

Mot Bakkebu. Foto: Dordi J H

Til slutt inspiserte turfølget båten hans Karl Johan – ei riktig fin skøyte! Foto: Dordi J H

Publisert: 10. mars 2020, 00:22